24 mars 2006

Sommartid

Som sikkert mange er klar over: På sundag stiller me klokka éin time fram. Det betyr éin time mindre svevn. Det brukar å gå bra.

Har du nokon gong lurt på kven som bestemmer at me skal veksle frå sommartid til vintertid, og omvendt? Det har eg! Mange gonger har eg tenkt at dette må eg sjekka opp i. Det slapp eg, for VG hadde tidlegare denne veka ein interessant artikkel om temaet. Sjekk kven som er sjefen her.

Sjølv om sommartid og vintertid sorterer inn under Helsedepartementet, er ikkje helse eit hovudargument for at me har ei slik ordning, ifølgje VG. Skal me tru det som står i nettutgåva, har me innført sommartid fleire gonger sidan 1916. Eit viktig argument er at det er praktisk å gjera det same i Noreg som dei gjer i resten av Europa.

"I følge EU-direktivet blir sommertid fastsatt for fem år av gangen. EU må eventuelt vedta en ny femårsperiode i løpet av 2007, men det ligger i kortene at det kommer en ny periode."

Ein ting som eg framleis lurer på er: Kva er rett tid? Sommartid eller vintertid?

Til slutt litt frå vedtektene til Landsforeningen mot sommertid i Danmark. Dei har to reglar: 1) Foreningens formål er at gøre sig selv overflødig.
2) Foreningen opløses når formålet er opfyldt.


Elles kan me nemna at foreininga held si generalforsamling over internett kvart år den siste sundagen i mars mellom klokka to og tre om natta. Truleg er dette fort gjort, ettersom klokka då blir tre med det same ho slår to...

3 kommentarer:

Johs sa...

Meiner somartid er riktig. Vintertid er berre laga for å få ein (eller fleire) arbeidstimar i ljoset!

Ein vinter lot eg vera å stilla klokka, på trass. Det førte til at eg dukka opp i tide (og ganske god tid) til dei fleste ting det halvåret!

Johs sa...

No las eg i ein avisartikkel at det var vintertid som var den rette tida. Hm - eg kjem visst til kort her...

Anonym sa...

Heisann Helge!

Snart tid for oppdatering på bloggen..? =)

Håpar du har det bra!

Helsing Kaisa Ruth