09 mars 2006

I Akvariet

Har du vore i Akvariet i Bergen då du var liten, men sidan aldri vendt tilbake? Eller kanskje aldri vore der?

Sist helg var det Bergenstur på programmet, og kva passa vel betre på ein sundag enn ein tur til sjølve attraksjonen i Bergen? Gløym Fløyen og Ulriken. Det er Akvariet som gjeld.

Du tenkjer kanskje pingvinar, fisk og sel. Dette er sjølvsagt fascinerande, men Akvariet er så mykje, mykje meir. I den tropiske avdelinga, til dømes, finn ein både den velkjende Dodraugen (ei øgle som vart funnen i eit toalett i Bergen, biletet øvst), og krokodillen Idar (krokodillen frå Oslo som Chess-sjefen miskunna seg over, ikkje biletet nederst). Apekattar er der òg. Og slangar!
Zoo-foto: Anne Karine

1 kommentar:

Anonym sa...

Og de kan berre gle dykk til å få sjå bilde av søte Idar og ein kul krokodille i nabobassenget:)