26 september 2005

Kulturhistorisk gravsafari

Vår Frelsers gravlund er eit flott grøntareal ikkje langt frå der me bur. Trass dette: Me har aldri vore der. Ikkje før i går. I skumringa sundag kveld vart kyrkjegarden, med sine majestetiske bautaer, byster og skulpturar, teken i augesyn. På minnelunden er gravene til blant andre Henrik Ibsen, Marcus Thrane, C. J. Hambro, Arnulf Øverland, Bjørnstjerne Bjørnson og Edvard Munch.

25 september 2005

Visdomstann, adjø!


Fredag vart øvre venstre visdomstann fjerna, og gleda i heimen var stor. Det gjorde faktisk ikkje vondt. To koselige knekke/knirkelydar då ho blei dratt ut frå kjeven, og vips var tanna ute.
I motsetning til tenner flest, hadde ikkje denne tanna i overkjeven kurs nedover. Den var på veg utover, mot kinnet. Det var med andre ord godt å få henne ut!

21 september 2005

KPK-Oslo på flyttefot

KPK avdeling Oslo held snart på å bevega seg ut frå 5. etasje i Storgata 10B i Oslo. P7 Kristen Riksradio flyttar, og då må KPK også ut (sidan KPK er framleigetakar).
Heldigvis er verken vegen lang eller høgdeforskjellen stor: Kontoret flyttar berre to etasjar ned. Samme adresse og samme telefon...

16 september 2005

Byrjar å bli vaksen

Med 26 år unnagjort kjenner eg at vegen til dei 30 ikkje er lang...
Anyway, gårsdagen var hyggeleg, med litt besøk og masse helsingar. Takk for all merksemd!

12 september 2005

Bruk røysteretten!

Med dette er oppmodinga gjeven. Sit du heime i dag, er den einaste godkjende grunnen at du anten har røysta på førehand, sit på ei aude øy i Stillehavet, eller er er ein 97 år gammal rullestolbrukar med 41 i feber.

Storslagen Danmarkstur!

Heile familien Stautland var i helga samla i den vakre byen Sæby på nordaustkysten av Danmark. Høvet var pappa Stautland sin bursdag (som er før 6. des.), som spanderte både tur, opphald og føde. Me hadde eit supert opphald på Sæby Søbad, og fekk òg med oss vakre Skagen på nedoverturen. Men turen Hirtshals-Oslo er lang når ein ikkje har lugar!

05 september 2005

Fredrikstad by night



- Lærer masse nytt om biletbehandling!

Helge Stautland er for tida på fotokurs i Fredrikstad. I dag har dei 12 kursdeltakarane, frå blant anna VG, NTB, Dagens Næringsliv og Kristelig Pressekontor, fått ei grundig innføring i fotoprogrammet Photoshop.

Stautland.com møtte Helge på "hotell"-rommet på Instiutt for Journalistikk, etter ein ein betre kjøttkakemiddag måndag kveld:

- Dette er alle tiders. I staden for å famla rundt sjølv i eit program eg ikkje har så god peiling på, får eg her svar på alt eg lurer på. Og snart skal me ut og ta kveldsbilete i Gamlebyen i Fredrikstad! seier den lærehungrige 25-åringen.

Kurset varer heilt fram til torsdag.

04 september 2005

17. maistemning i september

Sundag morgon 12.45 vart me vitne til dette flotte synet frå stoveglaset. Dei spelte og marsjerte gjennom gata og forbi Holbergs plass; turnfolk, såg det ut som. Me trur dei var på veg til eit slags stemne på Bislett.

Kjekt å få eit snev av 17. mai tidleg i september!