19 juni 2009

Trond Giske, muskelmannen

Du synest vel du er tøff idag, Trond. Det synest ikkje eg. Du er ei stor pingle. Kva er poenget, liksom? Eg fattar ikkje korleis du kan meina at Erling J. Pettersen er den beste kandidaten som biskop i Rogaland! Han er sikkert ein god organisator, heilt sikkert oppteken med og god på trusopplæring, men det at Pettersen vil tilsetja homofilt samlevande, er sjølve provet på at han ikkje passar som biskop/leiar i kyrkja. Du seier at dette ikkje er eit argument, men du kan like gjerne innrømma det først som sist.

Dette er ein sorgens dag for kyrkja i Norge. Men det bryr du deg vel ikkje om, Trond Giske. Du smiler vel og er nøgd med gjerningen din. Eg meiner du har ingenting å gjera som kyrkjeminister. Finn deg ein annan jobb.

Over og ut.

17 juni 2009

Skaret 16.06.09

Kondisen var langt verre enn venta, men det blei ei fin naturoppleving likevel.



13 juni 2009

Tomt

Då var skuleåret 08/09 til ende. I går var det avslutningsfest, og dei fleste elevane reiste utpå kvelden. Det er svært OK med sommarferie, men rart med tomme internat. Heldigvis blir dei fylt opp att i midten av august.

Sjølv om elevane har reist, er arbeidsåret ikkje heilt ferdig for oss tilsette på Lundeneset. Endå nokre dagar står att, og desse skal brukast til praktisk arbeid og planlegging av neste skuleår. Etter det er det sommar.

Ei veke av årets sommarferie skal brukast i Portugal, nærare bestemt byen Lagos på Algarvekysten. Det blir rett og slett fantastisk.

01 juni 2009

Rybak og kristkongar


Laurdag og søndag var det strandhogg og Mostraspel på Moster. Strandhogget (konsert i Moster Amfi) vart ein minneverdig kveld, med kvalitetsmusikk frå både lokalkjende og meir landskjende artistar. Av dei "utanfrå" kan nemnast Gunnhild Sundli (tidlegare artist i Gåte) og Kristine Gulbrandsen. Aleksander Rybak dukka opp på slutten òg, men kvelden hadde vore like bra utan han.

Spelet "Kristkongane på Moster" har eg ikkje sett sidan eg gjekk i sjette klasse. Dette var ei oppleving. Eit svært interessant og spennande spel om det viktigaste som nokon gong har skjedd i Noregs historie. Artistane nemnt over (minus Rybak) deltok i hovudrollene.