15 desember 2007

På nabobesøk



















Det har vore mykje bråk og arbeid hos naboen vår dei siste vekene. Ikkje rart det, dei måtte jo ha alt klat til den store dåpen! Som næraste nabo var me sjølvskrivne gjester. Og ikkje nok med det, me fekk ei flott omvising i det luksuriøse supplyskipet til Eidesvik i førekant. Her er det ikkje spart på noko verken når det gjeld komfort eller utstyr!

10 desember 2007

Adventsblogg


Hey hey! Stautlands har oppdatert bloggen!

No har både oktober og november passert utan at noko har skjedd på denne sida. Kva har skjedd? Har me fallt heilt av bloggelasset, eller er læraryrket så travelt at det ikkje er tid for slikt? Har ikkje svaret. Det einaste eg veit er at eg har betalt for stautland.com-domenet i 2008 òg.

Det går mot jul (klisjear er til for å brukast). Det er travelt på skulen, så juleferien er etterlengta. Ekstra lang er han attpå til i år. Det er bra. Som vanleg skal me besøka familiane våre i jula.

Kransen på biletet har Anne Karine laga. Er han ikkje fin?

God adventstid! Og for sikkerheits skuld: God jul og godt nyttår!

20 september 2007

Me har flytta

Me har flytta ca 5-600 meter, og bur no i eit raudt fint hus på Lundeneset. Sjå filmen - det er det raude huset ca. halvveis på båtturen!

21 august 2007

Det var sommaren 07

Det har regna mykje i sommar, ja, men likevel mange minnerike opplevingar. Her kjem eit utval av høgdepunkta frå ferien i Noreg, Sverige og Danmark.



Krabbefiske med niese og nevø på Flekkerøy



Etter Sørlandet stod Danmark og Sverige for tur. Her er me på vei over Storebælt.






























I Ystad, Skåne, såg me om Wallander var heime hos seg sjølv i Mariagatan. Det var han ikkje. Truleg var han ute på oppdrag.



Tilbake i Danmark, på landets nordlegaste campingplass. Me snakkar altså om Skagen.



I Skagen nytta me og høvet til å stå i to hav samstundes; Skagerak med venstrefoten og Kattegat med høgre.
















Heime i fedrelandet, på vei til Eigerøy fyr. Det er uvêr på gang.



Fangst i teina!



Makrellfiske på Tyneset.

21 juli 2007

Endeleg ein dag med sol











Det har vore stille på blogg-fronten dei siste vekene, og det vil vera feil å orsaka seg med at det har vore så fint vêr ute at ein beint fram ikkje har fått tid.

I dag, fredag, viste sola seg igjen over Ølensvåg, på nesten skyfri himmel. Etter å ha kjøpt inn litt rekvisita til båten, gjekk turen til Romsa. Med 4 HK, tek det rundt 45 minutt. Ca halvvegs, nærare bestemt ved utløpet av Etnefjorden, stoppa me for å sleppa ut ei krabbeteine. Den skal hentast om eit par dagar, vonleg med mykje god krabbe i.
Vel framme på Romsa fortøyde me båten og fyrte opp grillen. Det var faktisk skikkeleg godt og varmt i sola. Éin slik dag veg opp for mange regnvêrsdagar. Får håpa me får fleire.

På veg heim igjen stoppa me for å fiska opp tre makrell.

02 juni 2007

Båteigar!

Etter å ha budd snart eitt år nær sjøen, har det endeleg blitt båtkjøp på oss! Farkosten er av typen Strandebarmar, robåt med motor. Me var på Halsnøy og henta han laurdag. Båten er enno ikkje sjøsett, men skal prøvekøyrast ganske snart.

29 mai 2007

24 000 tonn inn fjorden















Ei ny plattform har teke inn hjå naboen vår, Westcon. Deep Sea Trym har ei totalhøgd på 99,55 meter, er 108,2 meter lang, veg ca 24 000 tonn og kan bora om lag 7,5 mil ned i havbotnen.

No skal riggen overhalast ein månads tid på verftet. I september kjem ei ny plattform (West Epsilon), og til saman er desse to kontraktane verdt 100 millionar kroner for verftet.

Noko å sjå fram til når sommaren er forbi

26 mai 2007

18 prosent ond

You Are 18% Evil

You are good. So good, that you make evil people squirm.
Just remember, you may need to turn to the dark side to get what you want!
How Evil Are You?

Og by the way, eg e Ned Flanderes i Simpsons...

30 april 2007

Røyemåltid

Ein ettermiddag ved Røyslandsvatnet i Bjerkreim resulterte i denne vesle røya. Ho smakte framifrå som forrett til middagen!

04 april 2007

Vikeså påsken 2007

Svela-vatnet midt i biletet, E39 går forbi bak vatnet. I horisonten: Jæren og havet.

27 mars 2007

Stille på neset

Det er stille på Lundeneset om dagane. 165 elevar og det meste av staben er på studietur, dei aller fleste i det store utland. (Hellas, Polen, Tsjekkia, Spania, USA og Noreg). Når me som er igjen ikkje har nokon å undervisa, må me finna på andre ting. Denne veka går derfor med til fagleg oppdatering og kursing av ulikt slag. Planen er å få lært seg eit par redigeringsprogram for nett og video.

Det som er greitt no når alle er vekke, er at våren er kome for fullt til Ølensvåg. Dei siste dagane har me vakna til sol frå skyfri himmel, og ein 12-15 grader midt på dagen. Me har fått rapportar om at vêret i det sørlege Europa er litt både òg, og då er det klart at det er ekstra greitt å vera attende i Noreg.

Kvifor me ikkje er på tur? Det er ikkje plass til heile staben, og sidan me er nye fekk me ikkje vera med... Men om to år igjen er det vår tur!

18 mars 2007

Lange dagar (med backgammon)

Etter å ha blitt ramma av influensaen som har herja skulen dei siste vekene, ser det no ut til at det verste er over. Og eg kan konstatere at å spele backgammon med seg sjølv ikkje er så gøy. (Helge har tilsyn i helga, og det skulle eg òg ha hatt, hadde eg berre vore frisk.) Dei svarte brikkene, som Helge plar ha, vinnn sjølv om det er eg som styrer dei... Urovekkjande.

16 mars 2007

Kyrkjekunst?


I går var eg ein snartur i Stavanger, og rusla forbi domkyrkja. Der såg eg utstillinga "Tsunami"
Kunstinstallasjonen (som dei kallar slikt) er meint å minna oss om bruk-og-kast-samfunnet. Men kva har det med ein tsunami å gjera? Og kva har slikt i ei domkyrkje å gjera?

Innanfor dørene ser det visst like gale ut, klede i haugar heilt fram til døypefonten.

Kva er vitsen?

14 mars 2007

Ul.no

I år skal UL vera i Haugesund. I samband med dette er ul.no nettsida ein må sjekka ofte. Her er eg "redaktør" fram til arrangementet er avvikla.

Sjekk gjerne sida!

05 mars 2007

Hegren i Ølensvåg

Hegre er ikkje uvanleg å sjå dersom ein køyrer frå Ølensvåg til Ølen. Laurdag leika eg paparazzi langs strandkanten. Hegren er ein svært folkesky fugl. Ser du ein på avstand og stoppar opp, får han raskt auge på deg og forsvinn. Men bilane langs E134 har fuglen blitt van med, derfor vart metoden for denne fotoøkta å sitja roleg i bilen med nedrulla vindauge og telelinse.



23 februar 2007

Vårleg vinterferie i Roma
















Me er tilbake i Norge etter tre flotte dagar i Den evige staden - Roma. Ein fantastisk by, med mykje spennande å sjå. Reisemålet kan absolutt anbefalast!

Motiv frå Peterskyrkja, Colosseum ogTrevi-fontenen.



12 februar 2007

Hauglandskvedno i vinterkledning


















Når vinteren først er her, er det på plass med litt fleire kalde bilete. Desse er frå gode, gamle Hauglandskvedno på Stord, der frosten hadde forvandla den vesle fossen til ein flott isskulptur.

09 februar 2007

Vinter

Det har vore skikkelig kaldt i Ølensvåg dei siste dagane og nettene. Gradestokken har lege på rundt -5 til -8 grader dei siste dagane. Det har ført med seg at vågen har frose til, slik at berre dei største båtane kjem seg fram.



Folket har talt

Eit fleirtal på 44 prosent ønskjer ikkje dei namnealternativa på gullfiskane som er lista opp her. Kan dei (fire) det gjeld venlegast gi seg til kjenne og forklara seg nærare?

02 februar 2007

11.500 skritt...

Tilsyn i går/natt, og då får ein gått. Tilsaman 11.500 skritt frå 15.30 til 23.30. Måtte blant anna ta beina fatt for å:

  • - Sjekke vasken er ok på alle internat
  • - Hente førstehjelpsutstyr
  • - Levere ut infomateriell til 1. klassingar som har heildagsprøve i norsk i dag
  • - Låse opp og låse igjen dører på førespurnad
  • - Gå låserunde på internata etter 23 og kasta ut folk som var på feil internat.
11.500 skritt er rundt 7 kilometer, og over den tilrådde mengda skritt ein bør gå kvar dag.

01 februar 2007

Brukarrettleiing, takk...?

Eg har i mange år lurt på kva som er vitsen når produsentar av til dømes grillkol og poteter syr igjen sekkane i toppen. Sannsynlegvis er det ein smart idé som ligg til grunn. Det er berre det at aldri får det til. Eg får alltid vondt i handflata når den kvite tråden byrjar å gnage seg inn i handa når eg tek litt i. Og sekken er like uopna, heilt til eg anten klypper eller riv opp posen på ein måte som produsentane i alle fall ikkje hadde tenkt eg skulle gjera.

Kjære grillkolprodusentar og potetbønder! Kan de for framtida leggja ved ein instruksjons-DVD slik at eg kan få hjelp med opninga av sekken?

Eller kan nokon med litt røynsle hjelpa meg?

30 januar 2007

Oslo-tur

Då var eg vel tilbake i Ølensvåg etter ei koseleg langhelg hjå Monika i Oslo. Fekk utnytta tida godt. Laurdag var me ute på shopping og på møte i Misjonssalen. Søndag fekk me oss ein fin skitur i Nordmarka (tusen takk til Benny for lån av ski:)). Løypene var stort sett gode, og me såg to elgar på nært hald (fekk dessverre ikkje teke bilete av dei). Og som om ikkje dette var nok, rakk me også eit lite besøk i Drammen. Skulle gjerne hatt eit par dagar til i hovudstaden, men det får bli ein annan gong. Bare synd snøen hadde regna bort i Ølensvåg mens eg var på tur...

28 januar 2007

Stabil lesarkrins

Besøkstala for sist veke viser at dette nyheits- mediet har ein stabil lesarkrins. Flest personar finn det mest naturleg å leggja att eit besøk anten mot slutten eller byrjinga av ei veke. Desidert færrast besøk hadde nettstaden onsdag i sist veke. No skal det seiast at stautland.com ikkje har blitt overlessa av nyheitssaker den siste veka, men nettopp det, i kombinasjon med at folk likevel er innom, synest redaksjonen viser at bloggen er eit viktig element i kvardagen for mange.

Elles nyttar eg høve til å minna om namnekonkurransen: Kva skal gullfiskane heita?

Portrett

lvs.no for eit par vekar sidan, svara ein av dei ferskaste lærarane på spørsmål om å jobba på Lundeneset. Vedkomande har fått ein del pepar for å ikkje uttala seg om kven han trur har potensiale i seg til å bli statsminister ein gong i framtida!

17 januar 2007

Eit par bilete



Tenkte det var på tide med eit par nye bilete frå plassen der vi bur.
NR. 1: Eit bevis på at det var ein dag utan regn før jul. (Foto: HJS)
Nr. 2: Dei to plattformane som fungerte som "utandørs juletre" i førjulstida. (Foto: AKS)
Nr. 3: Westcon sett frå fjellet bak huset vårt. (Foto: HJS)

16 januar 2007

Nye familiemedlemmer

Som mange kanskje veit, snakka Helge stort om at han hadde lyst på hund. Iallefall i Oslo. I bryllaupssongen gjorde eg det klart at hund ikkje var særleg aktuelt, men at ei erstatning kunne vere gullfisk. No har eg halde løftet mitt. Til jul kom fiskebollen (ikkje middagsrett) med alt som høyrer til, berre ikkje fisk. Men laurdag kom fiskane òg. Ein oransje og ein kvit med raudt hovud. Dei måtte forlate familiemedlemmene sine og flytta til Ølensvåg, akkurat slik me gjorde i august. Så no er Helge eigar av to gullfiskar. Dei er kanskje ikkje verdas beste vennar (gullfiskane altså), for den eine forsyner seg grovt av halen til den andre. Namna er ikkje heilt klargjort endå, kanskje Torbjørn og Espen, etter dei gamle sjefane våre...

Elles kan eg føya til at det fyrste karakteroppgjeret vårt er unnagjort. Og i morgon startar norskstudiet opp igjen. No er det «Språket som struktur» som står for tur. Dette går eg i møte med friskt mot. Har nemleg begynt på step, så no fylles energilagera opp.

05 januar 2007

Tilsyn, så pass dykk!

Den første helga i det nye året blir tilbrakt på skulen vår, Lundeneset. Alle lærarane her på skulen har fått kvar sin tilmålte dose med vakter, og denne helga er det altså vår tur. Nett no har me ein liten pause etter å ha steikt lappar av 20 liter røre. (Litt godt på fredagskvelden må jo elevane få!) Elles er det ikkje godt å seia kva helga vil bringa med seg. Ca halvparten av 165 elevar er att på skulen, så litt liv og røre blir det nok. Men klokka 0100 i natt er det ingen nåde dersom me finn nokon som ikkje er på rett plass, dvs på rommet sitt!