30 januar 2007

Oslo-tur

Då var eg vel tilbake i Ølensvåg etter ei koseleg langhelg hjå Monika i Oslo. Fekk utnytta tida godt. Laurdag var me ute på shopping og på møte i Misjonssalen. Søndag fekk me oss ein fin skitur i Nordmarka (tusen takk til Benny for lån av ski:)). Løypene var stort sett gode, og me såg to elgar på nært hald (fekk dessverre ikkje teke bilete av dei). Og som om ikkje dette var nok, rakk me også eit lite besøk i Drammen. Skulle gjerne hatt eit par dagar til i hovudstaden, men det får bli ein annan gong. Bare synd snøen hadde regna bort i Ølensvåg mens eg var på tur...

28 januar 2007

Stabil lesarkrins

Besøkstala for sist veke viser at dette nyheits- mediet har ein stabil lesarkrins. Flest personar finn det mest naturleg å leggja att eit besøk anten mot slutten eller byrjinga av ei veke. Desidert færrast besøk hadde nettstaden onsdag i sist veke. No skal det seiast at stautland.com ikkje har blitt overlessa av nyheitssaker den siste veka, men nettopp det, i kombinasjon med at folk likevel er innom, synest redaksjonen viser at bloggen er eit viktig element i kvardagen for mange.

Elles nyttar eg høve til å minna om namnekonkurransen: Kva skal gullfiskane heita?

Portrett

lvs.no for eit par vekar sidan, svara ein av dei ferskaste lærarane på spørsmål om å jobba på Lundeneset. Vedkomande har fått ein del pepar for å ikkje uttala seg om kven han trur har potensiale i seg til å bli statsminister ein gong i framtida!

17 januar 2007

Eit par bilete



Tenkte det var på tide med eit par nye bilete frå plassen der vi bur.
NR. 1: Eit bevis på at det var ein dag utan regn før jul. (Foto: HJS)
Nr. 2: Dei to plattformane som fungerte som "utandørs juletre" i førjulstida. (Foto: AKS)
Nr. 3: Westcon sett frå fjellet bak huset vårt. (Foto: HJS)

16 januar 2007

Nye familiemedlemmer

Som mange kanskje veit, snakka Helge stort om at han hadde lyst på hund. Iallefall i Oslo. I bryllaupssongen gjorde eg det klart at hund ikkje var særleg aktuelt, men at ei erstatning kunne vere gullfisk. No har eg halde løftet mitt. Til jul kom fiskebollen (ikkje middagsrett) med alt som høyrer til, berre ikkje fisk. Men laurdag kom fiskane òg. Ein oransje og ein kvit med raudt hovud. Dei måtte forlate familiemedlemmene sine og flytta til Ølensvåg, akkurat slik me gjorde i august. Så no er Helge eigar av to gullfiskar. Dei er kanskje ikkje verdas beste vennar (gullfiskane altså), for den eine forsyner seg grovt av halen til den andre. Namna er ikkje heilt klargjort endå, kanskje Torbjørn og Espen, etter dei gamle sjefane våre...

Elles kan eg føya til at det fyrste karakteroppgjeret vårt er unnagjort. Og i morgon startar norskstudiet opp igjen. No er det «Språket som struktur» som står for tur. Dette går eg i møte med friskt mot. Har nemleg begynt på step, så no fylles energilagera opp.

05 januar 2007

Tilsyn, så pass dykk!

Den første helga i det nye året blir tilbrakt på skulen vår, Lundeneset. Alle lærarane her på skulen har fått kvar sin tilmålte dose med vakter, og denne helga er det altså vår tur. Nett no har me ein liten pause etter å ha steikt lappar av 20 liter røre. (Litt godt på fredagskvelden må jo elevane få!) Elles er det ikkje godt å seia kva helga vil bringa med seg. Ca halvparten av 165 elevar er att på skulen, så litt liv og røre blir det nok. Men klokka 0100 i natt er det ingen nåde dersom me finn nokon som ikkje er på rett plass, dvs på rommet sitt!