20 april 2006

Vår i anmarsj

Me nærmar oss mai, og framleis ligg det ikkje ute ein einaste ny sak frå april på stautland.com. Utanom denne då. Ein kan ikkje anna enn å beklaga. Har det ikkje skjedd noko som er verd å skriva om, lurer sikkert mange på.

Kvardagen har byrja igjen etter påskeferien. Våren er komen til Oslo, pollensesongen har meldt si kome. Framleis er byen grå og skiten, men knoppar både på tre og bakkar varslar at det snart er slutt på det. Snart skal sykkelen setjast i stand for sesongen.

God etterpåske til alle og ein kvar!

1 kommentar:

Anonym sa...

Ja, har det ikkje skjedd noko som er verd å skriva om lurer eg på? Du kan jo for eksempel skriva om nisa/delfinen som me fann på Brusand:)