02 november 2005

Reiserute i Sør-Amerika


Tre dagar før avreise Sør-Amerika, ser reiseruta slik ut:
Laurdag 5.11. dreg me frå Gardermoen kl 06.40, vil Amsterdam til Lima. Landar i Lima kl 20.00 (eller i eitt-to tida på natta, norsk tid). Her blir det nokre timar søvn før me set oss på første fly til Arequipa søndag den 6.

I Arequipa (2.300 moh) skal me vera nokre dagar og treffa norske misjonærar. Turen herfrå går vidare til Juliaca (3.824 moh), der me skal vera 1-2 netter. Her skal me blant anna sjå på eit nytt skuleprosjekt som misjonen er med på. Frå Juliaca skal me vidare med buss til Bolivia, nærmare bestemt La Paz (3.690 moh). Dette er visst ein veldig fin busstur, langs Titicaca-sjøen. Me er no komne til 11.11. Dagen etter skal me vidare med fly til Sucre (2.800 moh). Her skal me vera på eit arbeidarkurs, før me set kursen mot Cochabamba (2.557 moh) den 14. Vidare ber det attende til La Paz den 17.11. Her skal me treffa misjonærar frå bl.a. Misjonsalliansen.

Den 20.11. dreg me frå La Paz og Bolivia til Guayaquil og Ecuador. Her blir me berre to dagar før me vender nasa mot Lima og returnerer til Oslo. Framme på Gardermoen er me etter planen den 24.11.

Satsar på å få oppdatert sida innimellom, så kan alle som vil følgja med på det som skjer.

Nyttar elles høvet til å ønskja alle ein god november.

Ingen kommentarer: