08 desember 2005

Førjulsrapport

Stautland.com har ikkje vorte oppdatert i det siste, og det er me sjølvsagt svært leie oss for. Noko av grunnen skuldast nok store arbeidsmengder etter turen til Sør-Amerika. Me er no godt i gang med å skriva ut materialet me har samla inn i dei tre landa me var innom.

Som nemnt tidlegare, har me fått meldingar om nye lesargrupper dei siste vekene. Det siste rykte, som nesten er heilt stadfesta, er at Stautland.com fekk monaleg reklameplass i samband med ei eller annan kristeleg tilstelning i Bjerkreim nyleg. Ingenting varmer hjarto meir enn slike meldingar!

Elles kan det nemnast at adventsfreden har senka seg i Tullins gate. Snart tre lys er tent i staken, og det angar nesten konstant av nyskrelte mandariner. Utanfor er det vakre SAS-hotellet pynta med julelys på alle hjørner, og eit lysande "God jul" i toppen. Frå tid til annan dalar det ned nokre snøfnugg òg.

I kveld er det tid for julekonsert på Fjellhaug.

Ingen kommentarer: