16 januar 2007

Nye familiemedlemmer

Som mange kanskje veit, snakka Helge stort om at han hadde lyst på hund. Iallefall i Oslo. I bryllaupssongen gjorde eg det klart at hund ikkje var særleg aktuelt, men at ei erstatning kunne vere gullfisk. No har eg halde løftet mitt. Til jul kom fiskebollen (ikkje middagsrett) med alt som høyrer til, berre ikkje fisk. Men laurdag kom fiskane òg. Ein oransje og ein kvit med raudt hovud. Dei måtte forlate familiemedlemmene sine og flytta til Ølensvåg, akkurat slik me gjorde i august. Så no er Helge eigar av to gullfiskar. Dei er kanskje ikkje verdas beste vennar (gullfiskane altså), for den eine forsyner seg grovt av halen til den andre. Namna er ikkje heilt klargjort endå, kanskje Torbjørn og Espen, etter dei gamle sjefane våre...

Elles kan eg føya til at det fyrste karakteroppgjeret vårt er unnagjort. Og i morgon startar norskstudiet opp igjen. No er det «Språket som struktur» som står for tur. Dette går eg i møte med friskt mot. Har nemleg begynt på step, så no fylles energilagera opp.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Åååå så koselig:)

gratulera me nye fiska.....Elle så kan dokke kalla de Benny og Monny....familiemedlemanne dåkke flytta frå....:)
Glede meg t du komme på besøk
Stor klem frå Monika

Anonym sa...

Ja, det var jo òg to gode forslag:) Har jo ikkje landa på noko namn endå, så takk for tipset!
Blir gildt med ein Oslo-tur snart:)

Anonym sa...

Forslag: Gerd Liv og Ingunn...?