29 august 2005

Bilete frå ei aude øy...

Her følgjer endeleg nokre bilete frå São Miguel, den største av dei ni øyane som utgjer Azorene:

Her er hotellet vårt (bakgrunnen), i Caloura, like ved landsbyen Agua de Pau. Like nedanfor låg denne vakre stranda, med slett ikkje mange folk på. Merk lavaklippene som pregar det meste av kysten på Azorene.


São Miguel har tre vulkanske innsjøar, den eine heiter Lagoa do Fogo.755 meter over havet minna naturen mykje om norske fjellvidder.

Azorene er, som Island, prega av vulkansk aktivitet, no for tida stort sett berre i form av varme kjelder og kokande vatn slik som her. Ein særskild matrett på Azorene er å grave ned ei gryte med mat i jorda ved dei varme kjeldene, og hente ho att etter nokre timar, med fiks ferdig middag som resultat.



Ribeira da Caldeira heiter denne kjelda som me køyrte forbi ein dag.














I Furnas ligg "Ungdommens kjelde" midt i ein flott park. Me bada her (i badekarvarmt vatn), og vart 20 år yngre.

Til slutt eit bilete av Caloura. Fin fiskarlandsby med mykje liv og røre. Gåavstand frå hotellet vårt, Caloura Resort.

Ingen kommentarer: