08 juli 2005

Fire knektar i eit utdrikkingslag utan drikke

Laurdag 2. juli kom dagen eg med fryktblanda fryd har venta på: Mitt eige utdrikkingslag. Eg vart vekt av Frode, Arne og Kjell Magne på føremiddagen, som hadde teke turen til Bjerkreim i høve hendinga.

I tillegg til mykje anna eg måtte gjera og som eg skal koma tilbake til, slapp eg ikkje unna det skrivne ord og publiseringsverktyet internett. Denne artikkelen er resultatet av det. Eg vil nytta høvet til å understreka at fleire har hatt ein finger med i spelet når det gjeld innhaldet av det du les her.

Dagen baud på dørsal av teikneserieheftet om elgen Helge, der eg måtte gjera mitt beste for å etterlikna ein elg, gatemusisk innslag i Stavanger utkledd utstyrt med gitar, delillos-notar og afroparykk, go-cartkøyring og god mat. Ein hyggeleg og spanande dag.

For å sitera ei ikkje ukjend lokalavis, sommaren 2001: Dei er unge, men dei droppar alkohol, og held hendene godt over dyna, i alle høve før ekteskapsløftet er avlagt.
– Men me har det kjekt i saman, sjølv om me ikkje røykjer eller nyt alkohol, seier dei tre gutane. Dei er ikkje festbremsar av den grunn.


Av uvisse årsaker er eg og beden om å ta med forsideoverskrifta, som eg ikkje hadde skrive sjølv, i saken om det nye bassenget på Nysæter ungdomsskule eg skreiv for så lenge som tre år sidan. KLAR FERDIG BAD! Fleire av lesarane hugsar nok denne toppsaken. For uinvidde, kan eg fortelja at dette var ein leksivisjon, som deskleiar dikta opp for at det skulle passa med eit av bileta. Av uvisse årsaker fann fleire i nær omgangskrins denne tittelen svært morosam.

Minna om laurdag 2. juli vil følgja meg lenge, på den positive måten, sjølvsagt. Lenge leve fest og gaman, og gode vener!

Ingen kommentarer: