30 januar 2007

Oslo-tur

Då var eg vel tilbake i Ølensvåg etter ei koseleg langhelg hjå Monika i Oslo. Fekk utnytta tida godt. Laurdag var me ute på shopping og på møte i Misjonssalen. Søndag fekk me oss ein fin skitur i Nordmarka (tusen takk til Benny for lån av ski:)). Løypene var stort sett gode, og me såg to elgar på nært hald (fekk dessverre ikkje teke bilete av dei). Og som om ikkje dette var nok, rakk me også eit lite besøk i Drammen. Skulle gjerne hatt eit par dagar til i hovudstaden, men det får bli ein annan gong. Bare synd snøen hadde regna bort i Ølensvåg mens eg var på tur...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Heisann Anny:)

Tusen takk for kosleig besøk:)
Det vart stille ette du reiste, men då fekk eg tid t å slappa av ette ei maraton helg:)hehe
Glede meg t å besøka dokke i vinterferien:)
Stor klem frå monika

Anonym sa...

Hei du! Ja, va jilt å få helsa på deg! Desse søstrene dine snakke jo om deg stadig vekk.. =)Dåkk e visst tri jille jente!! Du får ta med Helge ein tur! ;)