20 desember 2005

Julelunsj med bohemen


Kristelig Pressekontor og Kristne Friskolers Forbund gjekk saman om julelunsjen i år, slo på stortromma og bestilte bord på Grand Café i Oslo. Her var det god mat! Ein suksess som freistar til gjentaking.

14 desember 2005

Lenker til artiklar

Mange lurer kanskje på kor alt stoffet me har samla opp i Sør-Amerika blir av i norske aviser. Ein del av det hamnar berre i ymse aviser sine papiutgåver. For at lesarane skal få sjå litt meir av alt me faktisk fekk sjå, er det lagt ut nokre lenker til noko av det som er publisert på nettet. Meir vil koma etterkvart. Elles kan alle som vil sjå saker på www.kpk.no

Flyr for misjonen
Rekordår for mikrokreditt i Ecuador
Flere tusen på lørdagsskole

13 desember 2005

Teknisk svikt

Sida har dessverre ikkje fungert dei siste dagane, det er noko som me beklagar svært sterkt! No skal alt vera i orden. Red.

08 desember 2005

Førjulsrapport

Stautland.com har ikkje vorte oppdatert i det siste, og det er me sjølvsagt svært leie oss for. Noko av grunnen skuldast nok store arbeidsmengder etter turen til Sør-Amerika. Me er no godt i gang med å skriva ut materialet me har samla inn i dei tre landa me var innom.

Som nemnt tidlegare, har me fått meldingar om nye lesargrupper dei siste vekene. Det siste rykte, som nesten er heilt stadfesta, er at Stautland.com fekk monaleg reklameplass i samband med ei eller annan kristeleg tilstelning i Bjerkreim nyleg. Ingenting varmer hjarto meir enn slike meldingar!

Elles kan det nemnast at adventsfreden har senka seg i Tullins gate. Snart tre lys er tent i staken, og det angar nesten konstant av nyskrelte mandariner. Utanfor er det vakre SAS-hotellet pynta med julelys på alle hjørner, og eit lysande "God jul" i toppen. Frå tid til annan dalar det ned nokre snøfnugg òg.

I kveld er det tid for julekonsert på Fjellhaug.