30 desember 2006

Snart nytt år...

Totusenogseks nærmare seg slutten for alvor. I morgon skal eg feira mi 28. nyttårsaftan. (Ja, faktisk, sjølv om eg ikkje er meir enn 27 - talde på hendene tre gonger).

Korleis har året vore?

Forholdsvis bra, må ein seia.

2006 byrja kaldt og med mykje kvit nedbør. I februar var det fleire snørekordar som vart slegne. Dette vart utnytta godt, og førte med seg mange flotte skiturar i Nordmarka.

Vår og sommar kom omtrent samstundes til Oslo i år. Noko som baud på mange fine opplevingar ute i det fri.

Den største "omveltninga", var nok flyttinga til Vestlandet. Det var ein overgang å koma til ein ny stad, ta avskil med vener og svigerinner i Oslo, og ikkje minst byrja i ny jobb, men no byrjar me å koma inn i det nye livet vårt i Ølensvåg. Kor lenge me blir der er det ingen så veit, men det er ikkje umuleg at me blir der lengre enn dette skuleåret. Me har fått oss ein flott arbeidsplass, og læraryrket ber med seg mange fordeler.

Kva nyåret bringer med seg er det som vanleg ingen som veit, og tradisjonen tru blir det ingen nyttårsforsett denne nyttårsaftan heller.

Ynskjer alle som sjeldant eller ofte surfar innom denne sida eit godt nytt år!!

19 desember 2006

Statoil/Hydro-fusjonen

Statoil og Hydro har bestemt seg for å slå seg saman. Det har alle lese i aviser, høyrt på radio eller sett på fjernsyn dei siste to dagane. Mange viktige spørsmål har blitt stilt, til dømes: Kor skal hovudkontoret ligga? Og kor mykje løn skal sjefen for det nye selskapet ha?

Men ingen har stilt dei verkeleg viktige spørsmåla, dei som får konsekvensar for oss i kvardagen:

Kan me no bruka HydroTexaco-kaffikoppane på Statoilstasjonar?
Og kva med Statoil-koppar på HydroTexaco? Statoil har jo allereie lagt Rolls Royce-koppane for 2007 ut for sal.

Og får alle me som er medlemmer av Coop 23 øre bensinrabatt også på Statoil framover?

Kvifor har ikkje dette vore tema på pressekonferansane?

16 desember 2006

Oppdatert statistikk

To nye mus har gått i fella!
Sjekk oppdatert musestatistikk her.

Vikeså i desember





Slik såg deg ut i heiene på Vikeså, ein søndag med opphald tidleg i desember.

11 desember 2006

Førjulsstemning...

Det regnar i Ølensvåg. Skikkelig mykje. Det siste døgeret har det så og seia ausregna konstant. Kvikksølvet når knapt under 10 varme, og det går mot jul! Det er trygt å vita at det vestlandske julevêret ikkje let seg endra av menneskeskapte klimaendringar.

Å sjå det positive er viktig. Regn og mildvêr er ikkje berre negativt. Ikkje nok med at ein kan gå ute i støvlar og regnbukse, mykje tydar nemlig òg på at me kan få ein vinter med langt færre sportssendingar enn det som er vanleg for årstida.

Jaja.
Klokka har no passert 9 om morgonen, elevane mekkar radio, og ute er det like mørkt og vått som då eg stod opp klokka 7.

God advent!

20 november 2006

Musestatistikk

Per 16. desember har totalt fem - 5 - mus har gått i fellene på loftet hjå oss. Kor mange fleire blir det før jul, tru?

Schmoock!!

Endeleg kan ein sjå resultat av musejakta.To rakkarar er fanga; dei gjekk i fella og får diverre aldri meir feira jul igjen. Og godt er det.

Når livsanden gjekk ut or dei to vene små er ikkje godt å seia, men det må ha vore ein gong mellom 17.-20. november. (Me har nemleg vore på Kongshaug/Bergen nokre dagar).

Fellene er på ny kome på plass på loftet, denne gongen med flesk i staden for ost. Berre sånn i tilfelle det skulle vera fleire mus i omløp.

14 november 2006

Musejakt

Tidlegare i haust var det ei flaggermus som herska på loftet vårt i Ølensvåg. No når dette dyret har inntatt dvalen, er ansvaret overlatt til den meir jordnære vesle gnagarslektningen. Enten er musa/musene på loftet eller i veggene, eller mellom etasjane, eller over alt! Det krafsar og kryp, særleg om kveldane når me skal sova, og det er nesten så ein skulle tru at dei snart ramlar i hovudet på ein.

Men no ser me enden på musevisa. Desse norskproduserte, noko utradisjonelle musegiljotinane skal etter planen ta knekken på udyra som gjev oss frysningar og det som verre er.

Kjem tilbake med oppdatert informasjon - biletet då kan bli noko meir makabert enn dette...

07 november 2006

Ølensvåg by night


Våre nye naboar lyser opp i kvardagen!

25 oktober 2006

Forandring frydar...

Slik såg det ut før, og slik blei det etter at pappa var her og tapetserte for ei tid tilbake.

Gult er ufattelege mykje kulare enn flassete, falma, rosablomstrete tapet, synest me. Og i dag har eg lagt opp antennekabel til rommet, så no er det klart til å takast i bruk som tv-stove for fullt!

Me bur i eit hus med mange rom no, derfor har me både stove, tv-stove, og snart spisestove!

06 oktober 2006

Her bur me

Orsakar, godtfolk, ting tar tid når ein er lærar. Yrket er travelt! Men her bur me altså! Biletet er teke frå Kåtanuten, 534 m.o.h. 17. september var me på tur til den toppen. På biletet ser de òg nokre av dei gode, bråkete naboane våre, Ølen Betong og Westcon. (Det er mest Ølen Betong på biletet). På jorda oppforbi går det rautande slaktekyr, men eg trur dei har flytta innandørs for sesongen, for det er lenge sidan sist me høyrte ei ku med rauteanfall midt på natta.

Bilete nummer to viser korleis det såg ut i Oslo etter at leiligheten i Tullins gate var tømt for ting. Tomt og trist!









Bilete nummer tre: Flyttebyrået, Arne og Bjørn. Svigermor var òg til særs god hjelp!
















Bilete nummer fire: Innflytting i huset på Lunde Øvre.

No skriv me 6. oktober, og det er haustferie. Det skal bli fantastisk!

God ferie

30 august 2006

Status frå Ølensvåg

Endelig litt ledig tid på lærarrommet på Lundeneset, derfor tid til ei lita oppdatering.

Me trivst fortsatt godt her vest. No skal me snart tapetsera to rom i huset me leiger på Lunde. Det er vel eigentleg det siste som står att, etter det kan me seia oss ferdige. Då står to rom klare til å ta i mot besøk. Skulle gjerne hatt nokre bilder og lagt ved, men har ikkje fått tid til slikt, dessverre.

Dei siste to vekene har me arbeid gått rett heim for å koma i stand i huset. Har knapt hatt tid til berre å sitja ned og slappa av, sjå på tv, lesa ei bok, osv...

Lærarkvardagen er utan tvil travel. Det er mykje å setja seg inn i, mange små og store ting som me heile tida må hugsa på. Det er berre oss som er nye i staben i år, det vil seia at alle dei andre veit om det meste. Så me går ofte rundt som store spørsmålsteikn.

Me har begynt undervisninga (elevane begynte for fullt på måndag). Det ser greitt ut. Helge skal ha andre og tredjeklassingar i samfunnskunnskap og engelsk, og andreklassingar i samfunnslære og mediefag. Anne Karine skal ha første og andre klassingar i mediefag, i tillegg til at ho skal ta norsk grunnfag på deltid (nettstudium).

Det var det for denne gong!

19 august 2006

Ny plass, ny jobb, nytt hus

Byrjar å bli ei stund sidan denne sida er blitt oppdatert, dessverre. Sidan sist har me hatt sommarferie både på Stord og Vikeså. Sist lørdag flytta me frå Oslo til Ølensvåg der me framover skal vera lærarar på Lundeneset. Blir veldig spennande. Me bur i eit hus utanfor skuleområdet med fire soverom, så det er berre til å koma på besøk! Skal prøva å oppdatera sida litt oftare framover.

19 juli 2006

13 ting ein kan gjer i Ølen

- Gå på fisketur
- Handla på kjøpesenteret i Ølen (ja, faktisk!)
- Handla i dei seks klesbutikkane, besøkja urmakaren, klyppa håret eller ta ein tur innom møbel- og teppesenteret.
- Ta ein båttur til kulturperlene på Romsa
- Kjøpa ein båt fyrst
- Leita etter estetiske trekk i bedriftene Westcon og Ølen Betong
- Gå tur i fjellet
- Besøka ”Joa-Kari”, Vindafjord kommune sin tusenårsstad i sentrum av Ølen
- Reisa på leir på Brandøy
- Starta underskriftskampanje for å få Ølen tilbake til Hordaland
- Besøkja ein gammal kolerakyrkjegard og helleristingane på Bjoa
- Reisa med ferja frå Utbjoa for å minnast gamle dagar
- Tinga omvising på Fatland Slakteri

12 juli 2006

Flyttar til Ølensvåg

Det er no klart at ekteparet Stautland kjem til å flytta til Ølensvåg i løpet av august. Me skal begge ta til på Lundeneset vidaregåande skule som ligg i bygda.

Nokre vil karakterisera bygda som ein utkant (kanskje etter å ha telt husa på biletet), andre som verdas navle. Me vel å tru på det siste, og gler oss til å flytta. Det er i tillegg nære både Vikeså og Stord.

Les meir om Ølensvåg på Wikipedia

Det er foreløpig ikkje klart kor me skal bu, men uansett er alle og ein kvar velkomne til å besøka oss. Me satsar på på mange overnattingsgjester, og dei som allereie no veit at dei vil ta seg ein tur, kan til dømes leggja att ein beskjed under kommentarane.

26 juni 2006

Pubkontor

Det ordnar seg som regel. Til og med i føremidddag, åleine på kontoret og utan oppegåande internett. Kva gjer ein? Måndagane er jo den store
utsendingsdagen for K PK. Det vil seie at eit femitals e-postmottakarar i aviser over heile landet får stoff frå oss.

Høybråten Cognac og cigarbar vart løysinga. Har passert den puben dagleg i eitt år, og visste at dei tilbyr gratis trådlaust nett. Så her, ute i det fri, ein sommarsdag 2006, hadde eg kontoret mitt halvannan time, til alt det viktigaste var sendt avgarde. Verken med sigar eller konjakk, men ein herleg latte som tilbehør.

16 juni 2006

Medbrakt

Eg har høyrt om særskilde etesjapper under sørlegare himmelstrok der ein kan ta med seg si eiga flaske vin og drikka til den bestilte maten. Ser ut til at nokon prøver ein variant av dette i Noreg...
(Mobilfoto: HJS)

13 juni 2006

Mimre mimre

Hei alle som friviljug hadde tysk som B-språk tredjeåret ved Stord vidaregåande skule 1997-98, og som les denne blekka.


Alle hugsar vel denne herlege hendinga...?

Meir info om det hyggelege (einvegs) utvekslingsprogrammet og dei som deltok her.

12 juni 2006

Malmøya tre dagar til ende

Sommaren er definitivt komen. I dag er det meldt 25 °C i hovudstaden - ikkje langt unna denne tempen har det òg vore i helga. Både fredag, laurdag og sundag har blitt brukt til sløving, bading, soling og god mat på Malmøya. Ifølgje NRK Tekst-TV var det 17 ° C i sjøen, og det gjekk greit å liggja uti og duppa.

02 juni 2006

Mitt beste fotballminne

Eg hugsar ein sommar
må vel vera minst 15 år sidan
det var fotball-VM
og alt var så roleg på fjernsynet
det var streik i NRK

no er det streik igjen!
det er som ein draum –
dei seier fotball-VM kan gå fløyten nok ein gong!
i alle fall smella til dei som kommenterer.

Eg vågar nesten ikkje tru
at mitt beste fotballminne
skal bli ein realitet
i år igjen.

Men det er lov å håpa…

Mine verdifulle meiningar

Meiningane mine er visst svært verdifulle. Sist veke vart eg nemleg
oppringt av Norsk Gallup. Dei ville ha meg til å delta på eit møte der
meininga var å synsa og meina alt me orka om kredittkort generelt, og
eit amerikansk kredittkort generelt. Sjølvsagt sa eg ja. Ikkje fordi dei
lokka med middag og ein halv høvding.Alt på møtet vart teke opp på band. Så når den dagen kjem at banken din tilbyd deg eit nytt kredittkort, kan du stola på at eg har hatt eit ord med i laget. (Det vil seia, det er vel mest rett å seia at eg har hatt ein finger med i laget dersom banken ikkje tilbyd deg eit kredittkort.
Eg var svært negativt til det nye konseptet som eg diverre ikkje kan
røpa for mykje om.)Denne soga har som sagt lært meg at meiningane mine betyr noko.

Skulle du som les dette ha behov for dei, og i tillegg kan diska opp med ein
god middag, er det berre å ta kontakt!

22 mai 2006

Fri og forvirra

Mai er månaden med dei mange fridagane. Dei fleste vekene er kortare enn vanleg, noko som skuldast 1. mai, 17. mai og Kristi himmelfartsdag.

Sist onsdag var det 17. mai. Det var nok til å setja tidsrekninga mi ut av spel. Då eg var attende på arbeid torsdag den 18. var eg overtydd om at eg hadde lagt bak meg nok ei helg. Frustreringa var derfor stor då eg utpå dagen oppdaga at posten ikkje hadde greidd å levera verken «laurdagens eller måndagens» post til meg på jobb. Eg var snar med å knota ned ein skrifteleg klage til Posten, der eg uttrykte djupt vonbrot over manglande post. Dagen etter fekk eg til svar at dei ville sjå nærare på førespurnaden min, men først ville dei ha greie på kva eg meinte med måndag 18. mai…

Lenge leve fridagane i mai! Kva om me fekk samla dei litt? Kunne hatt alt i samband med 17. mai, så kunne Grunnlovsdagen blitt feira med ei heidundrandes markering tre dagar til ende.

16 mai 2006

Meise-BigBrother

Mange fuglar, små dei er, komne no attende. Alle så langt utan influensa. Er det ikkje utruleg. Tenk på kva alle dei millionane av kroner kunne ha blitt blitt brukt på. Tamiflu up my...

Uansett, ruging og eggklekking føregår for tida for fullt i dei mange tusen reir og fuglekassar. Barndomens kassar som var snikra heime i kjellarboden, var laga med lok som kunne vippast opp. Då kunne unge, lovande ornitologar jamleg følgja utviklinga. Men tenk å vore floge på veggen i ein fuglekasse, sett alt, 24/7!

Det kan du her!

14 mai 2006

Små froskene...

Ein frosk/padde nyt ein isfri sone av Lille Åklungen, 7. mai 2006. Her var forøvrig ein heil froskekoloni.... (Foto: HJS)

... og hundrevis av fleire froskar/padder var under produksjon, sjølv om det aldri er særleg kult å vera 5. hjul på vogna. Denne bakarste krabaten gav fort opp... (Foto: HJS)

Nede ved Sognsvann blømde kvitveisen (Foto: AKS)

05 mai 2006

Å skilja seg ut...

Eg brukar internett, og såleis ein noko "unormal" verdsborgar. Berre éin av sju vaksne i verda brukar faktisk internett! USA toppar lista med 152 millionar internettbrukarar, mens Kina følgjer på andreplass med 72 millionar brukarar. Til saman brukar 694 millionar internett, ifølgje NRK.

Herleg å kunne skilja seg ut!

27 april 2006

Verdas største cruiseskip

Tenk deg denne giganten, 158 000 tonn og 339 meter, på veg gjennom Drøbaksundet med berre 2,5 meters klaring frå sjøbotnen!

Det skjedde onsdag. Då fekk Oslo havn besøk av "Freedom of the Seas", som er verdas største cruiseskip. Skipet rommar 4 300 passasjerar, og skal gå i Karibia.

Inne i båten finn ein blant anna klatrevegg, skøytebane, promenadegate, ballbanar og badeland.

Sjekk her korleis Freedom of the Seas passerte under Storebæltbrua i Danmark!

Litt av eit monster! Røkke har visst hatt ein finger med i spelet. Onsdag vart eit par tusen kjendisar invitert ombord og ut på tur på Nordsjøen. Journalistane i KPK var diverre ikkje blant dei utvalde denne gongen.

26 april 2006

Abbas i nabolaget

President for palestinarane, Mahmoud Abbas, blei i ettermiddag observert i gatene rundt SAS-hotellet på Holbergs plass. Store politistyrkar var i sving for å verne Abbas, som var i Noreg blant anna for å skaffe pengar til palestinarane.

24 april 2006

Dødt dyr var delfin

Få har kome med synspunkt på kva slags dyr som endte sine dagar på jærstranda før påske. Spørsmålet kunne ikkje stå utan svar, og me sende det difor vidare til Havforskingsinstituttet, som svarar følgjande:

Bildet du sendte oss viser en kvitnos, Lagenorhynchus albirostris. Kvitnos har fått navnet på grunn av det hvite "neppet" (...) Kvitnos er en delfinart som er ganske vanlig i våre farvann. Sammen med den nært beslektede arten kvitskjeving går den også under betegnelsen "springer".

21 april 2006

Død kval eller delfin på Brusand

Det har skjedd noko i påsken som er verd å skriva om, som ein av lesarane våre gjorde oss merksame på. På ein tur til strendene på Jæren, nærare bestemt Brusand, fann me på påskeaftan dette sjødyrkadaveret i strandkanten. Det store spørsmålet er: kva slags dyr er dette? Nokon som har synspunkt? Sidan niser ikkje er uvanleg langs norskekysten, er det ikkje umogleg at dette er eit eksemplar av arten. Men det likna og på ein delfin, så kanskje det er Flipper som har lidd ein tragisk lagnad? Ver frimodige til å koma med synspunkt!

20 april 2006

Vår i anmarsj

Me nærmar oss mai, og framleis ligg det ikkje ute ein einaste ny sak frå april på stautland.com. Utanom denne då. Ein kan ikkje anna enn å beklaga. Har det ikkje skjedd noko som er verd å skriva om, lurer sikkert mange på.

Kvardagen har byrja igjen etter påskeferien. Våren er komen til Oslo, pollensesongen har meldt si kome. Framleis er byen grå og skiten, men knoppar både på tre og bakkar varslar at det snart er slutt på det. Snart skal sykkelen setjast i stand for sesongen.

God etterpåske til alle og ein kvar!

24 mars 2006

Sommartid

Som sikkert mange er klar over: På sundag stiller me klokka éin time fram. Det betyr éin time mindre svevn. Det brukar å gå bra.

Har du nokon gong lurt på kven som bestemmer at me skal veksle frå sommartid til vintertid, og omvendt? Det har eg! Mange gonger har eg tenkt at dette må eg sjekka opp i. Det slapp eg, for VG hadde tidlegare denne veka ein interessant artikkel om temaet. Sjekk kven som er sjefen her.

Sjølv om sommartid og vintertid sorterer inn under Helsedepartementet, er ikkje helse eit hovudargument for at me har ei slik ordning, ifølgje VG. Skal me tru det som står i nettutgåva, har me innført sommartid fleire gonger sidan 1916. Eit viktig argument er at det er praktisk å gjera det same i Noreg som dei gjer i resten av Europa.

"I følge EU-direktivet blir sommertid fastsatt for fem år av gangen. EU må eventuelt vedta en ny femårsperiode i løpet av 2007, men det ligger i kortene at det kommer en ny periode."

Ein ting som eg framleis lurer på er: Kva er rett tid? Sommartid eller vintertid?

Til slutt litt frå vedtektene til Landsforeningen mot sommertid i Danmark. Dei har to reglar: 1) Foreningens formål er at gøre sig selv overflødig.
2) Foreningen opløses når formålet er opfyldt.


Elles kan me nemna at foreininga held si generalforsamling over internett kvart år den siste sundagen i mars mellom klokka to og tre om natta. Truleg er dette fort gjort, ettersom klokka då blir tre med det same ho slår to...

17 mars 2006

Vinn tur til England

Lyst å reisa til England? Klikk her!!

09 mars 2006

I Akvariet

Har du vore i Akvariet i Bergen då du var liten, men sidan aldri vendt tilbake? Eller kanskje aldri vore der?

Sist helg var det Bergenstur på programmet, og kva passa vel betre på ein sundag enn ein tur til sjølve attraksjonen i Bergen? Gløym Fløyen og Ulriken. Det er Akvariet som gjeld.

Du tenkjer kanskje pingvinar, fisk og sel. Dette er sjølvsagt fascinerande, men Akvariet er så mykje, mykje meir. I den tropiske avdelinga, til dømes, finn ein både den velkjende Dodraugen (ei øgle som vart funnen i eit toalett i Bergen, biletet øvst), og krokodillen Idar (krokodillen frå Oslo som Chess-sjefen miskunna seg over, ikkje biletet nederst). Apekattar er der òg. Og slangar!
Zoo-foto: Anne Karine

01 mars 2006

Er eg ikkje interessert i kyrkjespørsmål?

Eg synest i alle fall eg ser svært så interessert ut på dette biletet her Biletet var første gong brukt i ei sak om stat-kyrkje-utvalet som la fram si innstilling. Ikkje lenge etter vart det brukt som illustrasjonsfoto til ein sak om at journalistar veit for lite om kyrkje- og kristenliv! Og dagen etter på var det ei faksimile av samme oppslag.

Nei, eg har ikkje betalt noko for å bli avbilda tre gonger som entusiastisk fotograf.

På an igjen

Etter eit lengre opphald, med noko som faktisk minna om vår, har det no byrja å snø igjen. Det har det gjort i to dagar, og meir skal det bli, varslar meteorologane. Og på Oslo-folk som køyrer bil kjem snøen like brått på kvar gong. Det er akkurat som dei ikkje veit korleis dei skal forhalde seg til den kvite nedbøren som kjem kvar vinter. Nei, då er det betre å vere vestlending. Me veit i alle fall kva for forholdsreglar som gjeld når vinteren av og til trør til...

26 februar 2006

Helge sin skisundag

Det har vore dårleg med feite fastelavensbollar med fløytekrem i dag, men masse tid til å gå på ski. I dag gjekk turen frå Kjelsås, via Linderudkollen, og ned til Tonsenhagen (muligens dette er ein del av Lillomarka - køyrer ein rett fram i staden for ned mot Tonsehagen, kjem ein i alle fall til Lilloseter).

Ei lita vêr- og føremelding:

● Sol frå himmel med nokre skyer. Vind (stort sett medvind)

● Forholdsvis gode løyper. Køyrt opp nyleg, me noko isete. Ekstra god fart i glatte parti i nedoverbakkar! Frose overvatn i løypa over vatnet Kringla.

● Swix universalklister (var ein reddande engel for ein nordmøring og ein svenske som hadde lagt i veg i dei harde løypene utan smørning...)

● God plass på Linderudkollen til å ha pause med kaffi og sjokolade frå Peru.


Sola laga eit ekstra islag i delar
av skiløypa, slik at det vart ekstra
god fart ned mot Tonsenhagen

25 februar 2006

Istappane hos oss

Istappane på hustaka i Oslo har vore eitt av temaa som har prega nyhendebiletet den siste veka. I alle fall her aust. Ikkje kjekt å få fleire kilo tunge kjegler av is ramlande ned i hovudet når ein spankulerer på fortaua!

Bileta under er nokre døme på korleis det såg ut hos oss. Dei er nok ikkje like tunge som dei ein har sett døme på andre stadar, men desse laga ei fin utsmykking på brannverandaen vår. Snevet av vår som ramma hovudstaden på torsdag, førte til dessverre til at dei forsvann...





16 februar 2006

Ny snørekord

Det er store snømengder i Oslo akkurat no. I dag tidleg låg det 54 cm på Blindern. Så mykje har det ikkje vore sidan 1968 - då var det 79 centimeter snø på Blindern.

Her er to bilete frå hovudstadens gater og tak, torsdag ettermiddag.

Stortorget:












Taket over Misjonssalen:

15 februar 2006

Lesarane sine eigne bilete

Dette er ei ny spalte her på Stautland.com. Lesarane er velkomne til å senda inn eigne bilete til redaksjonen. Temaet avgjer du sjølv - om det er ei minnerik hending, ein elg (gjerne i solnedgang), ein hyggeleg person du kjenner (som sjølvsagt har gjeve løyve til at du nyttar han som fotomodell i ei tevling) eller eit ustyrteleg morosamt bilete.

Har du eitt?
Send det som MMS til 91 80 4775, eller som e-post til post@stautland.com.

(Me gjer merksam på at bileta ikkje blir returnerte!!)

Skihelg på Blefjell

Me kan gratulera familien Rønning med utmerka utført februaroppdrag for oss (dåke som var i bryllupet vårt veit kva det dreier seg om).

Fredag gjekk turen til Kongsberg og Blefjell, der me var to netter på Rønning si familiehytte. Etter å ha parkert bilen måtte stien inn til hytta først tråkkast opp med truger. Me snakkar trass alt om 1-2 meter laus snø. Utetemperaturen var -14, inne var det ti grader varmare. Men eitt døger etter var temperaturen 28 grader inne.

Laurdag var det tid for bortoverski. Me kjøte til Blefjellstua og gjekk opp til Strutåsen, ein runde der oppe før me reurnerte til utgangspunktet. Sol frå blå himmel og herlig føre.

Søndag var det tid for vinterlege aktivitetar utanfor hytta. Me snakkar då om hoppng frå taket på hytta og aking. Sistnemnte aktvitet viste seg å ikkje vera så lett på grunn av snømengda.

27 januar 2006

«Her kommer vinter'n, her kommer den kalde fine tida…»

Vinteren går sigersgangen sin i Oslo. Sjølv om noko av snøen som fall før sist helg har minka her nede i byen, er det framleis godt skiføre i Marka. Torsdag for litt over ei veke sidan, då det lava ned i hovudstaden, testa me ut ypparlege pudderforhold i lysløypa Frognerseteren – Ullevålseter – Sognsvann. Storarta, rett og slett. Sist laurdag hadde skyene snødd frå seg. Det blei ein fin tur då òg, sjølv om det var tendensar til kø i løypene rundt Frognerseteren og ned mot Holmenkollen. Dessutan velta det ut lass på lass med kjelkeentusiastar som skulle prøva seg i Korketrekkaren.

Det går allereie mot helg igjen, og laurdag til måndag blir det tur til Trondheim for å besøka venner og kjend, samt litt jobbing.

God helg til alle og einkvar!

12 januar 2006

Me har fått oss komfyr!

Det betyr at tida med halve pizzaar er over. På kjøkenet no står ein flunkande ny Elektrolux som vart trilla gjennom sentrum i går ettermiddag på ei sekketralle. Vidunderet fekk me for 5.400,-, mot 5.900,- som var opphaveleg pris. No slepp òg me å avgrensa oss til to gryter når me lagar middag, eller dobbelt så mange bakebrett som strengt tatt er naudsynt når ein lagar bollar. Hybelkomfyren var frå i går av historie.

06 januar 2006

Godt nytt år!

Totusenogfem er historie, og onsdag var første arbeidsdag i det nye året. Vestlandsjula i desember var både god og innbringande. Det har vore tynt med julestoff på Stautland.com, men me håpar ingen har fått mindre julestemning av den grunn.

Godt nytt år til alle og einkvar!