27 mars 2007

Stille på neset

Det er stille på Lundeneset om dagane. 165 elevar og det meste av staben er på studietur, dei aller fleste i det store utland. (Hellas, Polen, Tsjekkia, Spania, USA og Noreg). Når me som er igjen ikkje har nokon å undervisa, må me finna på andre ting. Denne veka går derfor med til fagleg oppdatering og kursing av ulikt slag. Planen er å få lært seg eit par redigeringsprogram for nett og video.

Det som er greitt no når alle er vekke, er at våren er kome for fullt til Ølensvåg. Dei siste dagane har me vakna til sol frå skyfri himmel, og ein 12-15 grader midt på dagen. Me har fått rapportar om at vêret i det sørlege Europa er litt både òg, og då er det klart at det er ekstra greitt å vera attende i Noreg.

Kvifor me ikkje er på tur? Det er ikkje plass til heile staben, og sidan me er nye fekk me ikkje vera med... Men om to år igjen er det vår tur!

18 mars 2007

Lange dagar (med backgammon)

Etter å ha blitt ramma av influensaen som har herja skulen dei siste vekene, ser det no ut til at det verste er over. Og eg kan konstatere at å spele backgammon med seg sjølv ikkje er så gøy. (Helge har tilsyn i helga, og det skulle eg òg ha hatt, hadde eg berre vore frisk.) Dei svarte brikkene, som Helge plar ha, vinnn sjølv om det er eg som styrer dei... Urovekkjande.

16 mars 2007

Kyrkjekunst?


I går var eg ein snartur i Stavanger, og rusla forbi domkyrkja. Der såg eg utstillinga "Tsunami"
Kunstinstallasjonen (som dei kallar slikt) er meint å minna oss om bruk-og-kast-samfunnet. Men kva har det med ein tsunami å gjera? Og kva har slikt i ei domkyrkje å gjera?

Innanfor dørene ser det visst like gale ut, klede i haugar heilt fram til døypefonten.

Kva er vitsen?

14 mars 2007

Ul.no

I år skal UL vera i Haugesund. I samband med dette er ul.no nettsida ein må sjekka ofte. Her er eg "redaktør" fram til arrangementet er avvikla.

Sjekk gjerne sida!

05 mars 2007

Hegren i Ølensvåg

Hegre er ikkje uvanleg å sjå dersom ein køyrer frå Ølensvåg til Ølen. Laurdag leika eg paparazzi langs strandkanten. Hegren er ein svært folkesky fugl. Ser du ein på avstand og stoppar opp, får han raskt auge på deg og forsvinn. Men bilane langs E134 har fuglen blitt van med, derfor vart metoden for denne fotoøkta å sitja roleg i bilen med nedrulla vindauge og telelinse.