22 september 2009

Skulestartgløymsle

Dei første vekene i eit nytt skuleår går alltid svært fort. No er me allereie midtveis i den sjette veka, og har éi og ei halv veke att før haustferie. Det fører til at mange ting skjer utan at ein greier å få dei med seg. Noko som i sin tur medfører at eg framleis er i oppstartsmodus. Eg kan ikkje timeplanen, har ikkje oversikt over nye elevar, og lurer framleis på om nokre av dei som var avgangselevar i vår går i tredje i år òg.

Heldigvis har ikkje denne distre modusen før til uheldige konsekvensar. Eg møter stort sett presis til timane, går i rett klasserom, og prøver etter beste evne å vera lærar. Men i dag gjekk det litt gale. Det peip så merkeleg i tusjen då eg skreiv på whiteboardtavla. Jaja, ny type tusj kanskje? tenkte eg. Det hadde eg rett i. Sprittusj...

Eller kanskje det er ei slags 30-årskrise eg har hamna oppi?

31 august 2009

Hardangervidda

Det vart lova fleire bilete frå sommaren, her kjem nokre frå nest siste helga i august - hyttetur på Hardangervidda. Verken Anne Karine eller meg har plukka molter før, og hadde ikkje høge forventingar. Me var derfor nøgde då me avslutta dagen med 5 kg bær i bøttene.
































Flotte turområde med mengder molter mellom riksveg 13 og Hardangerjøkulen (i bakgrunnen på biletet)

12 august 2009

Sommarstilt

Det har vore stilt her dei siste vekene - lite tid til oppdateringar. Men no er skuleåret og jobben offisielt i gang igjen, i alle fall for oss lærarar. På laurdag brakar det laus med innkvartering av 180 elevar. Blir spennande!

Sommaren må seiast å ha vore bra. Tur til Portugal, Molde, Bergen, Vikeså, Stord, Rakkestad, Vestby, Oslo, og litt Ølensvåg. Bilete har blitt tatt, under er Etnefjorden kl 23.00 tidleg i august. Fleire bilete frå ferien kjem.

08 juli 2009

Ny doning

Som de kan sjå av biletet har me fått oss ny farkost. Doningen (veit ikkje om det kan kallast båt) er 7-8 meter lang og rundt 4 meter brei, og for å gjera det enklast mogleg for oss sjølv har me ankra farkosten opp i hagen.

Me har sjølvsagt ikkje bestilt eller kjøpt dette produktet, men reknar med at når nokon plasserer dette utanfor stoveglaste vårt, er det berre til å ta det i bruk. Doningen har fire kraftige pålar i jern, og to høge tårn som det går an å klatra i. Sjølv om me ikkje veit korleis me gjer det enno, gler me oss til å ta dingsen i bruk. Det er god plass på dekk, så har du lyst på ei maritim oppleving av dei sjeldne, er du med dette oppmoda til å stilla med badebukse, campingstol og kaffi ein av dei nærmaste dagane.

19 juni 2009

Trond Giske, muskelmannen

Du synest vel du er tøff idag, Trond. Det synest ikkje eg. Du er ei stor pingle. Kva er poenget, liksom? Eg fattar ikkje korleis du kan meina at Erling J. Pettersen er den beste kandidaten som biskop i Rogaland! Han er sikkert ein god organisator, heilt sikkert oppteken med og god på trusopplæring, men det at Pettersen vil tilsetja homofilt samlevande, er sjølve provet på at han ikkje passar som biskop/leiar i kyrkja. Du seier at dette ikkje er eit argument, men du kan like gjerne innrømma det først som sist.

Dette er ein sorgens dag for kyrkja i Norge. Men det bryr du deg vel ikkje om, Trond Giske. Du smiler vel og er nøgd med gjerningen din. Eg meiner du har ingenting å gjera som kyrkjeminister. Finn deg ein annan jobb.

Over og ut.

17 juni 2009

Skaret 16.06.09

Kondisen var langt verre enn venta, men det blei ei fin naturoppleving likevel.