20 desember 2005

Julelunsj med bohemen


Kristelig Pressekontor og Kristne Friskolers Forbund gjekk saman om julelunsjen i år, slo på stortromma og bestilte bord på Grand Café i Oslo. Her var det god mat! Ein suksess som freistar til gjentaking.

14 desember 2005

Lenker til artiklar

Mange lurer kanskje på kor alt stoffet me har samla opp i Sør-Amerika blir av i norske aviser. Ein del av det hamnar berre i ymse aviser sine papiutgåver. For at lesarane skal få sjå litt meir av alt me faktisk fekk sjå, er det lagt ut nokre lenker til noko av det som er publisert på nettet. Meir vil koma etterkvart. Elles kan alle som vil sjå saker på www.kpk.no

Flyr for misjonen
Rekordår for mikrokreditt i Ecuador
Flere tusen på lørdagsskole

13 desember 2005

Teknisk svikt

Sida har dessverre ikkje fungert dei siste dagane, det er noko som me beklagar svært sterkt! No skal alt vera i orden. Red.

08 desember 2005

Førjulsrapport

Stautland.com har ikkje vorte oppdatert i det siste, og det er me sjølvsagt svært leie oss for. Noko av grunnen skuldast nok store arbeidsmengder etter turen til Sør-Amerika. Me er no godt i gang med å skriva ut materialet me har samla inn i dei tre landa me var innom.

Som nemnt tidlegare, har me fått meldingar om nye lesargrupper dei siste vekene. Det siste rykte, som nesten er heilt stadfesta, er at Stautland.com fekk monaleg reklameplass i samband med ei eller annan kristeleg tilstelning i Bjerkreim nyleg. Ingenting varmer hjarto meir enn slike meldingar!

Elles kan det nemnast at adventsfreden har senka seg i Tullins gate. Snart tre lys er tent i staken, og det angar nesten konstant av nyskrelte mandariner. Utanfor er det vakre SAS-hotellet pynta med julelys på alle hjørner, og eit lysande "God jul" i toppen. Frå tid til annan dalar det ned nokre snøfnugg òg.

I kveld er det tid for julekonsert på Fjellhaug.

29 november 2005

Nokre bilete frå Sør-Amerikaferda

Me er attende i heimlandet, og under eit knippe bilete frå dei forskjellige plassane me var.
Stautland.com får stadig nye lesarar, og me ynskjer dei som kom til medan me var borte hjarteleg velkomen!




Første etappe på turen var Peru og Arequipa. Her er byen med vulkanen Misti i bakgrunnen.




I Puno fekk me oss blant anna ein tur på Titikaka-sjøen, og stranda på denne flytande sivøya. Thor Heyerdal var også på desse øyane.



Det første me gjorde då me kom til Sucre i Bolivia, var å sjå eit lokaloppgjer mellom Sucre og Santa Cruz saman med 35.000 tilskodarar. Resultatet vart 6-1 til laget frå Sucre. Som et går fram av biletet, var det ikkje så nøye der at begge laga hadde raude og blåe draktar.





På marknaden i Cochabamba kunne ein finna både kattar, hundar, høner og undulatar stua slik som dette.




I Guayaquil, Ecuador, var me med og besøkte nokre av mikrokredittkundane til Misjonsalliansen.




La Paz, Bolivia, hovedstad, millionby, mellom flotte fjell.

17 november 2005

Cochabamba

No har me vore tre dagar i Cochabamba og fått sett masse. Har truffe dei norske misjonærane i NLM og Pinsebevegelsen. Veldig koselige folk alle. Her har det vore veldig varmt og tørt. I går var me på et marked i byen og kjøpte ein del ting. Her selde dei bl.a. kyllingar, undulatar, videoar, skinnprodukt, klede, kjøt og tørka lamafoster (og andre dyr) til ofring... Me har og vore på Jesus Maestro-skulen, den som for ei tid sidan var truga av nedlegging fordi myndighetene her ville kontrollera pengane frå Noreg. Men no går det bra, seier dei. Vegblokkering var ett av virkemidla for å få gjennom det dei ville.

Me har og vore og sett på den store Jesus-statuen som er her. Den er rundt 34 meter høg, og står på ei høgde i byen.
Cochabamba er ein stor by, mykje større enn me hadde trudd på forhånd.

Er på flyplassen på veg til La Paz no. Der er det Misjonsalliansen sine folk me hovedsakling skal treffa.

14 november 2005

Snart i Cochabamba

No er me på flyplassen i Santa Cruz, på vei til Cochabamba. Har hatt det veldig fint i Sucre, der me har vore 2 netter no. Har budd hos Linn Merete Urangseter, den einaste norske misjonæren der. Men det var 2-3 andre norske der som bidrog på eit pastorkurs. Har jobba mykje, og fått med oss ein lokal fotballkamp på stadioen i Sucre. 35.000 tilskuarar! Laget frå Sucre vant 6-1, og kvalifiserte seg dermed til den bolivianske ligaen. Gøy å få med seg ei sånn oppleving. Det var tendensar til flaskekasing, så dommarane måtte fraktast ut av politiet, under skjolda deira... Masse smell og fyrverkeri var det og.
Det har vore varmt og godt. I går var me på to gudstenester, ei kl 8.30, og ei kl 10.30. Traff også ei studengruppe fra Tverrkulturell kommunikasjon på Gimlekollen/MF.

Når me kjem til Cochabamba skal me bli henta av Emilio Gonzales. Me trur det blir hektiske dagar der og. Den 17. reiser me tilbake til La Paz.

Me har ikkje blitt dårlige ENDÅ (det var ordet Linn Merete brukte, så me fryktar at det kanskje blir litt magetrøbbel etter kvart. Er visst vanleg...).

12 november 2005

Ein dag på Taquile


På torsdag var me på båttur på Titikaka-sjøen. Målet for turen var øya Taquile. Her bur det indianarar. Fekk mat av dei då me kom opp. Det var tungt å gå, for det er så høgt. Høgaste punktet var nesten 4.000 moh. Det var akkurat som å gå på ein fjelltur når ein er slapp og sjuk. Men det var ein fin tur. Biletet er frå nedstigninga.

I går ankom me La Paz, Bolivia. No er me på flyplassen, på veg til Sucre.

10 november 2005

(Litt for) hoyt over havet...

Naa er vi paa Hotel Italia i Puno i Peru. Har vaert paa Titicacasjoen i dag. Veldig fint vaer, saa vi ble litt solbrente i fjeset, selv om vi smurte oss godt. Dro forst ut til noen sivoyer. Fascinerende at folk kan bo paa noe saant. Fikk ogsaa en liten runde i en sivbaat. Saa dro vi videre til Taquile, ei annen oy. Der gikk vi til topps. Merket godt at det var hoyt, for vi ble veldig slitne og andpustne. 3975 moh paa det hoyeste. Vi er paa 3800 naa.
Da vi skulle dra tilbake, maatte vi redde noen passasjerer fra en brennende baat. Det brant i motoren. Dette fikk de slukket, men vi maatte slepe baaten med oss. Litt ekkelt.

Turen til Juliaca i gaar gikk bra. Men det var iskaldt der, og ikke saa mye aa se. Hullete og sorpete veier. Da vi kom fram til Puno var vi veldig trotte.

I kveld kom det en mann til hotellet. Han hadde reist ens aerend fra ARequipa (ca 6 timer) for aa levere haandarbeid til julemesser i Norge. Han trodde vi hadde faatt beskjed om aa ta dette med oss da vi var i Arequipa, men vi hadde ikke hort et ord om det. Naa har vi en hel baerepose med engler og hjerter....

I morgen tidlig drar vi til La Paz.

07 november 2005

Steikt marsvin hos La Lucila

No er det kveld i Arequipa, og me skal snart ein tur ut og sjaa byen "by night". Det har vore ein innhaldsrik dag. Klokka 8 i dag tidleg var me paa plass paa kyrkja sin skule i byen, Diego Thompson, for aa sjaa paa prosesjonen. Alle dei 500 elevane er med, oppstilt, syng nasjonalsongen, marsjerer til hornmusikk. Journalistane fraa Norge blei godt presentert paa spansk, og me blei invitert opp paa scenen for aa sjaa paa prosesjonen der fra.

Vidare var det Yapa-intervjuet som stod paa planen. Verten var, Kjetil Halvorsen, skulle intervjuast paa ein tradisjonell peruansk restaurant der dei serverte marsvin. Med oss var ogsaa Julia og Felix fraa NLM-kontoret.

La Lucila var ein flott restaurant, men hadde garantert fatt stryk dersom norsk mattilsyn hadde vore paa besok. Maten vart laga til paa eit roykfullt kjokken der kattar, floger gjekk mellom beina paa oss. La Lucilas saerpreg er at marsvina blir henta levande, direkte fraa fjoset. Der sprang 50-60 marsvin rundt omkring, 5 stk blei fanga oppi ein sekk. Vidare blei dei slakta og flaadd i ein vask utanfor. Etter at innvollar var fjerna, blei dei steikt inne i det allereie nemnte kjokenet. Saa gjekk det ein halvtime for maten var paa bordet. Marsvinet saag ut som det var overkjort av ein bil, deretter steikt, men det smakte som kylling, berre mykje seigare.

No i ettermiddag har me vore paa eit marked i byen og kikka. Kjopte ikkje mykje, berre tre DVDar. Der Untergang, Madagaskar og The Island. Til saman 20 kroner. Ekte originalkopi. Kunne og kjopt piratkopi av Photoshop CS2 for 6 kr. Det kostar om lag 8.000 kroner i Norge...

Me stortrives i den kvite byen under vulkanen Misti. Onsdag gar ferda vidare til Juliaca. Etterpa skal me til Puno. Blir der i to netter, og skal blant anna paa bàttur paa Titicaca-sjoen. Blir bra. Daa skal me ikkje arbeida.

Klokka er berre snart halv àtte lokal tid, men kjenner me er trotte. Ikkje heilt avvendt fra norsk tid enno. Heime er ho vel snart halv to paa natta.

06 november 2005

Framme i Peru!

Me er no framme i Lima, Peru.
Kom seint på natta i går etter vår "gamle" tid, men ca kl 20 lokal tid. Fekk sova nokre timar på hotellet før me for til flyplassen igjen, ventar på flyet til Arequipa no. Der skal me treffa nokre norske misjonærar.
Den 16 timar lange flyreisa i går gjekk bra, fekk masse god flymat, og det var mulighetar for å reisa seg og gå litt. Etter ca. 10 timar mellomlanda me i Karribien, på ei øy som heiter Bonaire. (For å fylla bensin).
Håpar å kunna oppdatere meir seinare.

02 november 2005

Reiserute i Sør-Amerika


Tre dagar før avreise Sør-Amerika, ser reiseruta slik ut:
Laurdag 5.11. dreg me frå Gardermoen kl 06.40, vil Amsterdam til Lima. Landar i Lima kl 20.00 (eller i eitt-to tida på natta, norsk tid). Her blir det nokre timar søvn før me set oss på første fly til Arequipa søndag den 6.

I Arequipa (2.300 moh) skal me vera nokre dagar og treffa norske misjonærar. Turen herfrå går vidare til Juliaca (3.824 moh), der me skal vera 1-2 netter. Her skal me blant anna sjå på eit nytt skuleprosjekt som misjonen er med på. Frå Juliaca skal me vidare med buss til Bolivia, nærmare bestemt La Paz (3.690 moh). Dette er visst ein veldig fin busstur, langs Titicaca-sjøen. Me er no komne til 11.11. Dagen etter skal me vidare med fly til Sucre (2.800 moh). Her skal me vera på eit arbeidarkurs, før me set kursen mot Cochabamba (2.557 moh) den 14. Vidare ber det attende til La Paz den 17.11. Her skal me treffa misjonærar frå bl.a. Misjonsalliansen.

Den 20.11. dreg me frå La Paz og Bolivia til Guayaquil og Ecuador. Her blir me berre to dagar før me vender nasa mot Lima og returnerer til Oslo. Framme på Gardermoen er me etter planen den 24.11.

Satsar på å få oppdatert sida innimellom, så kan alle som vil følgja med på det som skjer.

Nyttar elles høvet til å ønskja alle ein god november.

24 oktober 2005

Snart Sør-Amerika

Sør-Amerikaturen nærmar seg med stormskritt. Om mindre enn to veker set me oss på flyet til Amsterdam, for så å ta fatt på den 16 timar lange (skal gå greit med Sudoku og x-ord) flyturen til Lima, Peru. Etter nokre dagar i Peru skal me etter planen vidare med buss til Bolivia. Der blir me 5-6 dagar før me avsluttar reisa i Ecuador.

14 oktober 2005

Fabelaktig Michael W.

Utsyns stjernejournalist, Anne Karine Stautland, fylte 26 år i går (hurra!), og dagen vart feira med god mat og vener heime i kåken.

Kvelden vart avslutta med ein flott konsert med Michael W. Smith i Filadelfia. Har relativt dårleg kjennskap til den karen frå før, men veit han er dyktig. Det var og konserten prov på. Kjempetrøkk med fullt band, og god stemning i lokalet.

Forslag til debatt på Stautland.com: Snart 50-år gamle menn som ser ut som dei er 24 (t.d. M.W.). Nytt dykk gjerne av kommentarfunksjonen under. Køyr debatt!

03 oktober 2005

Utan ein tråd på nytt kontor

Fredag gjekk kontorflyttelasset frå 5. til 3. etasje. No er KPK vel installert blant nye kollegaer i Kristne Friskolers Forbund. Her er forholda på mange måtar betre, mindre trafikkstøy og trådlaust breidband. Det negative er at eg ikkje lenger kan mora meg med å studera morgontrøytte andlet på andre sida av gata når hotellgjestene står opp om morgonen.

26 september 2005

Kulturhistorisk gravsafari

Vår Frelsers gravlund er eit flott grøntareal ikkje langt frå der me bur. Trass dette: Me har aldri vore der. Ikkje før i går. I skumringa sundag kveld vart kyrkjegarden, med sine majestetiske bautaer, byster og skulpturar, teken i augesyn. På minnelunden er gravene til blant andre Henrik Ibsen, Marcus Thrane, C. J. Hambro, Arnulf Øverland, Bjørnstjerne Bjørnson og Edvard Munch.

25 september 2005

Visdomstann, adjø!


Fredag vart øvre venstre visdomstann fjerna, og gleda i heimen var stor. Det gjorde faktisk ikkje vondt. To koselige knekke/knirkelydar då ho blei dratt ut frå kjeven, og vips var tanna ute.
I motsetning til tenner flest, hadde ikkje denne tanna i overkjeven kurs nedover. Den var på veg utover, mot kinnet. Det var med andre ord godt å få henne ut!

21 september 2005

KPK-Oslo på flyttefot

KPK avdeling Oslo held snart på å bevega seg ut frå 5. etasje i Storgata 10B i Oslo. P7 Kristen Riksradio flyttar, og då må KPK også ut (sidan KPK er framleigetakar).
Heldigvis er verken vegen lang eller høgdeforskjellen stor: Kontoret flyttar berre to etasjar ned. Samme adresse og samme telefon...

16 september 2005

Byrjar å bli vaksen

Med 26 år unnagjort kjenner eg at vegen til dei 30 ikkje er lang...
Anyway, gårsdagen var hyggeleg, med litt besøk og masse helsingar. Takk for all merksemd!

12 september 2005

Bruk røysteretten!

Med dette er oppmodinga gjeven. Sit du heime i dag, er den einaste godkjende grunnen at du anten har røysta på førehand, sit på ei aude øy i Stillehavet, eller er er ein 97 år gammal rullestolbrukar med 41 i feber.

Storslagen Danmarkstur!

Heile familien Stautland var i helga samla i den vakre byen Sæby på nordaustkysten av Danmark. Høvet var pappa Stautland sin bursdag (som er før 6. des.), som spanderte både tur, opphald og føde. Me hadde eit supert opphald på Sæby Søbad, og fekk òg med oss vakre Skagen på nedoverturen. Men turen Hirtshals-Oslo er lang når ein ikkje har lugar!

05 september 2005

Fredrikstad by night



- Lærer masse nytt om biletbehandling!

Helge Stautland er for tida på fotokurs i Fredrikstad. I dag har dei 12 kursdeltakarane, frå blant anna VG, NTB, Dagens Næringsliv og Kristelig Pressekontor, fått ei grundig innføring i fotoprogrammet Photoshop.

Stautland.com møtte Helge på "hotell"-rommet på Instiutt for Journalistikk, etter ein ein betre kjøttkakemiddag måndag kveld:

- Dette er alle tiders. I staden for å famla rundt sjølv i eit program eg ikkje har så god peiling på, får eg her svar på alt eg lurer på. Og snart skal me ut og ta kveldsbilete i Gamlebyen i Fredrikstad! seier den lærehungrige 25-åringen.

Kurset varer heilt fram til torsdag.

04 september 2005

17. maistemning i september

Sundag morgon 12.45 vart me vitne til dette flotte synet frå stoveglaset. Dei spelte og marsjerte gjennom gata og forbi Holbergs plass; turnfolk, såg det ut som. Me trur dei var på veg til eit slags stemne på Bislett.

Kjekt å få eit snev av 17. mai tidleg i september!

29 august 2005

Bilete frå ei aude øy...

Her følgjer endeleg nokre bilete frå São Miguel, den største av dei ni øyane som utgjer Azorene:

Her er hotellet vårt (bakgrunnen), i Caloura, like ved landsbyen Agua de Pau. Like nedanfor låg denne vakre stranda, med slett ikkje mange folk på. Merk lavaklippene som pregar det meste av kysten på Azorene.


São Miguel har tre vulkanske innsjøar, den eine heiter Lagoa do Fogo.755 meter over havet minna naturen mykje om norske fjellvidder.

Azorene er, som Island, prega av vulkansk aktivitet, no for tida stort sett berre i form av varme kjelder og kokande vatn slik som her. Ein særskild matrett på Azorene er å grave ned ei gryte med mat i jorda ved dei varme kjeldene, og hente ho att etter nokre timar, med fiks ferdig middag som resultat.



Ribeira da Caldeira heiter denne kjelda som me køyrte forbi ein dag.














I Furnas ligg "Ungdommens kjelde" midt i ein flott park. Me bada her (i badekarvarmt vatn), og vart 20 år yngre.

Til slutt eit bilete av Caloura. Fin fiskarlandsby med mykje liv og røre. Gåavstand frå hotellet vårt, Caloura Resort.

23 august 2005

Tilbake igjen


Då er nye to veker med ferie unnagjort, og første dagen med kvardag nærmar seg slutten. Har vore på Stord ei veke, og São Miguel (den største på høgre side) på Azorene ei veke. Begge deler var storarta; eit par bilete vil kanskje bli publisert dei næraste dagane.
Orsakar at Stautland.com ikkje har blitt oppdatert på snart tre veker, men lovar å komma sterkare tilbake framover!

01 august 2005

Mmmm...nam!

I dag var dagen for sylting! Investerte i ein kasse jordbær på Stortorget på veiheim frå jobb, og etter middag var det jordbærrensking, koking og røring for full maskin. Resultat: 15 små og store einingar med herlig syltetøy!

Velkommen på smaksprøve!

Travel vekeslutt

Torsdag 28.7.: Sjølvutsendt stemnereporter på Evangeliesenteret sitt sommarstemne på Østerbo utanfor Halden.

Fredag 29.7.: Stemnereporter på UL saman med Utsyn i Gamlebyen, Fredrikstad..


Laurdag 30.7.: Vaskedag, samt eit veldig koseleg besøk av Randi, Merete, Maria og Gro Sissel.

Søndag 31.7.: På besøk hos Gunvald i Våle, Vestfold.

27 juli 2005

Pensjonat Tullins i medvind

Tilstrøyminga av overnattingsgjester i Tullins gate går så det susar. To av reisefølgja i sommar har vendt tilbake for nok ei overnatting (svigers og svoger), etter å ha registrert dei upåklagelege forholda første gongen. Interessa har dessutan vore god denne veka av andre grunnar; det har ikkje uventa samanheng med ein viss konsert på Valle Hovin i kveld. Yngstemann Stautland er innlosjert i to netter i eit slikt ærend, men me har måtta sagt nei til fleire. Me håpar dei det ikkje vart plass til har lyst å koma tilbake seinare, når Bono, Edge og dei andre har reist frå byen!

26 juli 2005

Treng du kameralinse?


Her er ei zoomlinse av typen Sigma til sals! Fint brukt, 70-300 mm. Passar til Canon speilrefleks. Super linse, tar gode skarpe bilder.

25 juli 2005

Salt bad på Saltnes

Årets første sjøbad blei søndag gjennomført på Saltholmen (Saltnes, Råde i Østfold). Temperatur 18 +, luft om lag 20. Totaloppleving: Behagelig.
Reint, friskt og godt, få eller ingen maneter.

22 juli 2005

Lekkasje i Tullins gate


Dei kraftige regnbygene dei siste dagane har ført til lekkasje frå taket fleire stader i blokka. Fleire husvere har fått vatn inn, heldigvis ikkje oss.
Etter alt å dømme er det taktekkarne som ikkje har gjort god nok jobb når dei har lagt tjørepapp på taket. Kvaliteten på arbeidet kan tyda på at dei var dei billigaste på marknaden. Ryktene vil dessutane ha det til at firmaet gjekk konkurs ikkje lenge etter oppdraget i Tullins gate, dermed blir det så som så med reklamasjon...

20 juli 2005

Bank - skru - og bank

Det har vore mykje banking, skruing og dunking i Tullins gate 4 dei siste to dagane. Årsaka er ei bryllupsgåve i form av ein skjenk med framskap som skal på plass. Skjenken, som vart påbyrja natt til tirsdag, stod det skulle ta 1,5 time å montera, men tok nærare 3-4. Framskapet, som vart påbyrja i går, skal ta tre timar etter bruksanvisningen, men vil nok ta noko lengre tid.
Stautland.com ber alle, inkludert meg sjølv, til å smøra seg med tolmod inntil møbelet er ferdig.

Ommøblert

Me har ommøblert i Tullins gate! Resultatet var bra, og me ber alle som vil koma å sjå gjera det om eit par dagar, når me truleg har fått rydda litt meir.

16 juli 2005

Nygift!


... og vel tilbake i Oslo og Tullins gate.

08 juli 2005

Fire knektar i eit utdrikkingslag utan drikke

Laurdag 2. juli kom dagen eg med fryktblanda fryd har venta på: Mitt eige utdrikkingslag. Eg vart vekt av Frode, Arne og Kjell Magne på føremiddagen, som hadde teke turen til Bjerkreim i høve hendinga.

I tillegg til mykje anna eg måtte gjera og som eg skal koma tilbake til, slapp eg ikkje unna det skrivne ord og publiseringsverktyet internett. Denne artikkelen er resultatet av det. Eg vil nytta høvet til å understreka at fleire har hatt ein finger med i spelet når det gjeld innhaldet av det du les her.

Dagen baud på dørsal av teikneserieheftet om elgen Helge, der eg måtte gjera mitt beste for å etterlikna ein elg, gatemusisk innslag i Stavanger utkledd utstyrt med gitar, delillos-notar og afroparykk, go-cartkøyring og god mat. Ein hyggeleg og spanande dag.

For å sitera ei ikkje ukjend lokalavis, sommaren 2001: Dei er unge, men dei droppar alkohol, og held hendene godt over dyna, i alle høve før ekteskapsløftet er avlagt.
– Men me har det kjekt i saman, sjølv om me ikkje røykjer eller nyt alkohol, seier dei tre gutane. Dei er ikkje festbremsar av den grunn.


Av uvisse årsaker er eg og beden om å ta med forsideoverskrifta, som eg ikkje hadde skrive sjølv, i saken om det nye bassenget på Nysæter ungdomsskule eg skreiv for så lenge som tre år sidan. KLAR FERDIG BAD! Fleire av lesarane hugsar nok denne toppsaken. For uinvidde, kan eg fortelja at dette var ein leksivisjon, som deskleiar dikta opp for at det skulle passa med eit av bileta. Av uvisse årsaker fann fleire i nær omgangskrins denne tittelen svært morosam.

Minna om laurdag 2. juli vil følgja meg lenge, på den positive måten, sjølvsagt. Lenge leve fest og gaman, og gode vener!

01 juli 2005

Ferie

Ei lita påminning om at stautland.com kanskje ikkje vil bli like regelmessig (eller uregelmessig) oppdatert dei nærmaste to vekene. Då tar nemlig redaksjonen FERIE! Den desidert viktigaste hendinga i ferien blir bryllaupet i Bjerkreim 9. juli.
Me ynskjer alle trufaste lesarar ein retteleg god sommar så lenge!

30 juni 2005

Døren lukkes, porten låses...

Då er underteikna offisielt flytta ut frå huset i Korsvollbakken 7. Det einaste som gjenstår no er nedvasking. Eit litt for stort tal på møblar og esker blei kjørt ned til sentrum i går, og kjensla over at det er overstått, er god.

29 juni 2005

Quiz-fiasko

Mandagsquizen forrige mandag kan ikkje seiast å vera noko anna enn ein fiasko, men takk Maria, for at du sende inn svar på spørsmåla. Eg kan opplysa om at 2,5 av 3 spørsmål var korrekte.
Me ønskjer lesarane våre lukke til med sommarens mange andre utfordringar.

23 juni 2005

Nytt kamera ... Endelig!


Endelig har me kjøpt oss nytt kamera! Enda på eit Canon speilrefleks 350D. Jubelen og gleda er stor i heimen.
Les omtale av kameraet her

22 juni 2005

Kjempefoss i Oslo!

Dei fleste har vel allreie fått med seg at ein hovudvassleidning i Oslo har sprunge lekk, og at vatnet renn i strie straumar frå St.Hanshaugen og nedover.
Også nedover mot Holbergsplass og Tullins gate, der eg om få veker flyttar inn. Stautland.com har snakka med eit augevitne:

- Vatner rant i strie straumar nedover trikkeskinnene, og eg måtte gå langt nedover for å komma over til sykkelen som stod på andre sida av gata. No er det masse små prikkar over heile meg, etter vatnet som spruta etter sykkelen, seier vitnet, som helst vil vera anonym. Stautland.com kjenner til at også ho er bebuar i Tullins gate.

(Tittelen i denne teksten er lånt frå VG, og står på deira rekning.)

20 juni 2005

Mandagzquizzz....

Med dette er kanskje ein ny sommartradisjon påbyrja på Stautland.com! Kvar måndag gjennom heile sommaren blir det lagt ut 3 spørsmål på bloggen. Send ein e-post med svara dine til helge@stautland.com. Den som har hatt flest rette svar gjennom heile sommaren skal ikkje sjå vekk frå at han/ho kan få seg ei overrasking i posten!

Me fyrer laus...

Første spm:
Kva er Stord sitt flatemål?

Andre spm:
Kor mange kroner samla russen ved Framnes vidaregåande skule inn denne våren?

Tredje spm:
Kor mange heilt nye songar er det på det siste albumet til de Lillos, og korleis markerte dei 20-års jubileet sitt?

17 juni 2005

Grilling på Jonsokhaugen og 140 i bowling

Oslo har den siste veka hatt fleire fine dagar, noko som kan tyda på at det ikkje er noko gale med årstidene likvel. Middagen i går (torsdag) var grilla, marinert svinekotelett på Jonsokhaugen, med Hennig-Olsen Krone-Is jordbær til dessert.
Etterpå var det tid for fysiske utskeiingar i form av to rundar bowling. Siste runde kasserte eg inn 140 poeng, noko som stadfestar at bowlingdugleikane slett ikkje er stua vekk i ei skuff. Det er i alle fall mi personlege meining, sjølv om det er eit stykke att til persen på 194 poeng på gode gamle Sheiken bowling på Heiane.

16 juni 2005

Sesongens første bad

Første dukkerten denne sesongen vart gjennomført på Frysja; ein stor badekulp øverst i Akerselva, der vatnet slett ikkje er gulbrunt og forureina. Jogga opp og ned, og badet vart såleis eit forfriskande innslag midtvegs.
Dette betyr med andre ord at no er det SOMMAR!

15 juni 2005

Arne blir sambuar!


Arne blir sambuar med person av motsett kjønn frå hausten av.
Tru det eller ei, men ei jente (Irene Steinbru) har faktisk valt å flytte inn med Arne frå juli av. For ordens skuld skal det og tilføyast at dei to får lag av ein ung mann ved navn Bjørnar.
Skulle eigentleg vore ein link til Arne sin blogg her, men av teknisk feil er den daud.

14 juni 2005

Festen er faktisk ikkje over

Det nye de Lillos albumet "Festen er ikke over...det er kake igjen" kom i går, og tilfredsstillinga er stor etter å ha både høyrt og sett det. Her er ti splitter nye godlåtar (Velkommen, Ut sjå video her, Klasse 1 Comfort, Paris, Grunn nok til å lykkelig dø, Kjærlighet, Elsk meg i morgen, Fri flyt, Varme tanker om is og sne, Et øyeblikk), i tillegg til ei rekke låtar som tidligare berre er gjevne ut på på singlar og EP. Ei ekstra rosin i pølsa er demoinnspelinga av "Hjernen er alene" frå 1981.
Dette er gode saker frå Noregs største band som fyllere 20 år i år!

13 juni 2005

Be my guest!

Kva er ein blogg utan ei gjestebok?
Nettopp.
Ikkje forlat denne sida før du har lagt igjen eit par ord i gjesteboka (sjå òg link eit stykke ned til høgre).
Ser fram til å høyra frå dykk!

Problematisk

Det er ikkje kvardagskost med gode historier på Stautland.com, men tek likevel med denne:

– Stakkars mann, sa psykiateren. Kan du fortelle meg
hvorfor du drikker så mye?


– Jeg skal forsøke å forklare det hele, sa pasienten. Jeg
ble forelsket i en enke som hadde en voksen datter. Jeg
giftet meg med enka, og en stund senere giftet min far seg
med min stedatter. Derfor ble min kone og jeg
svingerforeldre til min far. Etter en stund fikk min
stemor, altså min kones datter, en sønn. Og den gutten ble
naturligvis min bror, ettersom han er min fars sønn. Men,
han er også sønn til min kones datter, og derfor ble min
kone guttens bestemor og jeg ble bestefar til min bror. Så
fikk min kone og jeg en gutt, og han ble min fars svoger.
Min sønns stesøster er jo da også hans farmor - ettersom
min far en hans farfar. Min far er altså mitt barns
svoger, ettersom hans søster er fars kone. Jeg er altså
bror til min egen sønn. Sønnen min er min farmors nevø og
jeg er farfar til meg selv. Jeg er bror til min far og
samtidig både sønn og far til ham. Min kone er min stemor,
mor, svigerinne og stedatter. Jeg er far og sønn til meg
selv!

10 juni 2005

A Wishlist

Dette er noko av det Anne Karine og Helge ynskjer seg til bryllaupet.
NB: Posten vil bli oppdatert!

• Kjøkkenmaskin
• Badevekt
• Grill
• Frityrgryte
• Kompass
• Stormkjøkken
• Lakenposar, silke, DNT

Sjekk elles Tilbords

06 juni 2005

Mette-Marit takka nei til KPK


Å få brev frå Slottet er sjelden, òg for oss i KPK. Men i dag, mandag, kom det brev til meg frå Det Kongelige Hoff. Avsendar var Kronprinsesse Mette-Marit (ved infosjef Astrid Versto), som ikkje ville vera med i ein enquet me laga for halvanna veke sidan.
Synd, for ho kunne levert eit flott bidrag...
(Foto: HJS)

03 juni 2005

Sykla Stord-Oslo!


Det er ikkje berre sykkelprestane frå Bergen som legg mangevis av sykkelkilometer bak seg på sin veg til Oslo og Morten Meyer. Underteikna har nemleg i løpet av 2 månader sykla distansen Stord-Oslo, eller nærare bestemt kring 440 kilometer. Mesteparten av desse kilometrane er unnagjort på strekket Tåsen - Oslo sentrum; nøyaktig 11,2 kilometer (tur-retur).

Lenge leve den daglege trimmen!

31 mai 2005

Duk til sals!


To aldeles nydelege hardangersaumsdukar er lagt ut for sal! Sjekk utfyllande annonse på Finn.no
Løp og kjøøøøøp!!!!!!

30 mai 2005

Frosken er kyssa

Utstillinga "Kyss frosken" på Tullinløkka vart i går besøkt. Fleire har kanskje fått med seg det store teltet som mange meiner skal førestelle ein frosk, slått opp på ein ellers god parkeringsplass i Oslo sentrum. Her var mykje interessant, alt i frå evighetsrom, siklete kjøterars draumar om menneskeleg kontakt av den meir intime sorten, og ein heil del om Tullinløkka sin historie. Absolutt verd eit besøk!

26 mai 2005

Jakt på kontorlokale

I går kom meldinga om at Kristen Riksradio (P7) har sagt opp leigeavtalen sin med eigarane av Storgata 10B i Oslo. Det betyr at KPK Oslo (meg) må sjå seg om etter nytt kontorlokale. KPK er nemleg framleigetakar hos P7. Fortsatt har eg god tid, og strengt tatt er det ikkje mitt ansvar.
Fyldigare informasjon her!

Trist avskjed

Så var det gjort. Tirsdag selde eg fotografiapparatet mitt gjennom 11 trufaste år. Ein kar frå Sandnes er no den lukkelege eigaren av eit Canon EOS 500. Etter eit par veker på finn.no, fekk han tilslaget på usle 600 kroner.
Men eg er overtydd om at klenodiet får det bra hos sin nye eigar. Planen er å skaffe nytt digitalt speilrefleks i næraste framtid, så får me håpa det måler opp for tapet ...

23 mai 2005

Endeleg symjedyktig!

Stautland.com har sjølvsagt tid for ei gladmelding, om enn litt forsinka:
Hanna E. Haraldsen (6) har lært seg å symja. Dei fyrste symjetaka vart tekne på sydlegare breiddegrader, nærare bestemt Kreta. Ho sym no både på djupt og grunt vatn, og har jamvel lært seg å dukka og ta i botn.
- Veldig gøy, seier Hanna, i ein kjapp kommentar frå middelhavsøya.
Me gratulerer!

Vellukka svigers-svigers-treff

Sikre kjelder kan stadfesta at det første treffet med to par svigerforeldre utan det komande brudeparet til stades, vart ein suksess. Underteikna har fått rapportar om at begge partar utviste framifrå oppførsel på møtet, som fann stad på Stord i helga. Sightseeing både på Stord og Bømlo, samt god mat, skal ha stått på programmet.

20 mai 2005

Ny e-postadresse

All privat e-post kan heretter sendast til: helge(a)stautland.com!

"20 spørsmål" - snart på fjernsyn!

Fleire av dei som lyttar til NRK P1 søndagmorgonar, kjenner til programposten 20 spørsmål med Knut Borge. Underteikna var i går publikum på eitt av opptaka, der det samstundes vart gjort opptak til ein fjernsynspilot.

- Dette er ei historisk, for ikkje å snakka om hysterisk, hending, uttalte Borge før opptaka starta.

Så kven veit? Kanskje den nyaste skotet på NRK Fjernsynets underhaldningstre til hausten blir 20 spørsmål? Følg med!

Elles blir opptaka som vart gjort i går sendt 28. august og 4. september (på radio)

Offentleg godkjent blodgjevar?

Med eit ønske om å dela blodet mitt med andre, ankom eg ventehallen på Blodbanken - UUS (Ullevål) kl 15.35 i går. Etter avkryssing av eit svært omfattande spørreskjema, blei 4-5 blodprøvar tekne. Så no går eg rundt og ventar i spenning på om eg blir kvalifisert som blodgjevar eller ikkje.

PS: Har fått ny ryggsekk!

19 mai 2005

Stautland.com i drift!

I januar kjøpte underteikna domenet www.stautland.com, og fram til no har det berre stått parkert. Men no er sida endeleg opna, i første omgang berre med blogg. Meir vil koma på sida i framtida, så følg med!

18 mai 2005

Kort arbeidsveke

Etter feiring av både pinse og grunnlovsdag, er det få arbeidsdagar igjen av veke 20. Det lovar bra!
Pinsen og 17. mai blei begge feira med strålande sol. Den 17. inntok underteikna tilskodarplass på slottsplassen, og vinka til bl.a. kronprinsregenten og Ingrid Alex. Deretter var tida inne for ei romtemperert brus og ei lunka pølse i Misjonssalen. På grunn av usikre vêrutsikter, blei kvelden tilbrakt hos Anne Karine og Benedikte i Tullins gate, med gul kake, pizza og kortspel på menyen.
Alt i alt: Ei veldig grei feiring der ingen gjekk bunadsskoa av seg.

Helge har fått blogg!


Endelig!
Heretter blir det mogleg for kven som helst og finne meir ut av kva som skjer i Helge sitt liv.
NB! Bloggen er heilt fersk, og vil bli oppdatert.