31 mai 2005

Duk til sals!


To aldeles nydelege hardangersaumsdukar er lagt ut for sal! Sjekk utfyllande annonse på Finn.no
Løp og kjøøøøøp!!!!!!

30 mai 2005

Frosken er kyssa

Utstillinga "Kyss frosken" på Tullinløkka vart i går besøkt. Fleire har kanskje fått med seg det store teltet som mange meiner skal førestelle ein frosk, slått opp på ein ellers god parkeringsplass i Oslo sentrum. Her var mykje interessant, alt i frå evighetsrom, siklete kjøterars draumar om menneskeleg kontakt av den meir intime sorten, og ein heil del om Tullinløkka sin historie. Absolutt verd eit besøk!

26 mai 2005

Jakt på kontorlokale

I går kom meldinga om at Kristen Riksradio (P7) har sagt opp leigeavtalen sin med eigarane av Storgata 10B i Oslo. Det betyr at KPK Oslo (meg) må sjå seg om etter nytt kontorlokale. KPK er nemleg framleigetakar hos P7. Fortsatt har eg god tid, og strengt tatt er det ikkje mitt ansvar.
Fyldigare informasjon her!

Trist avskjed

Så var det gjort. Tirsdag selde eg fotografiapparatet mitt gjennom 11 trufaste år. Ein kar frå Sandnes er no den lukkelege eigaren av eit Canon EOS 500. Etter eit par veker på finn.no, fekk han tilslaget på usle 600 kroner.
Men eg er overtydd om at klenodiet får det bra hos sin nye eigar. Planen er å skaffe nytt digitalt speilrefleks i næraste framtid, så får me håpa det måler opp for tapet ...

23 mai 2005

Endeleg symjedyktig!

Stautland.com har sjølvsagt tid for ei gladmelding, om enn litt forsinka:
Hanna E. Haraldsen (6) har lært seg å symja. Dei fyrste symjetaka vart tekne på sydlegare breiddegrader, nærare bestemt Kreta. Ho sym no både på djupt og grunt vatn, og har jamvel lært seg å dukka og ta i botn.
- Veldig gøy, seier Hanna, i ein kjapp kommentar frå middelhavsøya.
Me gratulerer!

Vellukka svigers-svigers-treff

Sikre kjelder kan stadfesta at det første treffet med to par svigerforeldre utan det komande brudeparet til stades, vart ein suksess. Underteikna har fått rapportar om at begge partar utviste framifrå oppførsel på møtet, som fann stad på Stord i helga. Sightseeing både på Stord og Bømlo, samt god mat, skal ha stått på programmet.

20 mai 2005

Ny e-postadresse

All privat e-post kan heretter sendast til: helge(a)stautland.com!

"20 spørsmål" - snart på fjernsyn!

Fleire av dei som lyttar til NRK P1 søndagmorgonar, kjenner til programposten 20 spørsmål med Knut Borge. Underteikna var i går publikum på eitt av opptaka, der det samstundes vart gjort opptak til ein fjernsynspilot.

- Dette er ei historisk, for ikkje å snakka om hysterisk, hending, uttalte Borge før opptaka starta.

Så kven veit? Kanskje den nyaste skotet på NRK Fjernsynets underhaldningstre til hausten blir 20 spørsmål? Følg med!

Elles blir opptaka som vart gjort i går sendt 28. august og 4. september (på radio)

Offentleg godkjent blodgjevar?

Med eit ønske om å dela blodet mitt med andre, ankom eg ventehallen på Blodbanken - UUS (Ullevål) kl 15.35 i går. Etter avkryssing av eit svært omfattande spørreskjema, blei 4-5 blodprøvar tekne. Så no går eg rundt og ventar i spenning på om eg blir kvalifisert som blodgjevar eller ikkje.

PS: Har fått ny ryggsekk!

19 mai 2005

Stautland.com i drift!

I januar kjøpte underteikna domenet www.stautland.com, og fram til no har det berre stått parkert. Men no er sida endeleg opna, i første omgang berre med blogg. Meir vil koma på sida i framtida, så følg med!

18 mai 2005

Kort arbeidsveke

Etter feiring av både pinse og grunnlovsdag, er det få arbeidsdagar igjen av veke 20. Det lovar bra!
Pinsen og 17. mai blei begge feira med strålande sol. Den 17. inntok underteikna tilskodarplass på slottsplassen, og vinka til bl.a. kronprinsregenten og Ingrid Alex. Deretter var tida inne for ei romtemperert brus og ei lunka pølse i Misjonssalen. På grunn av usikre vêrutsikter, blei kvelden tilbrakt hos Anne Karine og Benedikte i Tullins gate, med gul kake, pizza og kortspel på menyen.
Alt i alt: Ei veldig grei feiring der ingen gjekk bunadsskoa av seg.

Helge har fått blogg!


Endelig!
Heretter blir det mogleg for kven som helst og finne meir ut av kva som skjer i Helge sitt liv.
NB! Bloggen er heilt fersk, og vil bli oppdatert.