08 oktober 2008

Blogg og sånt

Eg har nettopp snakka med elevane mine om blogging. Ikkje det at dei ikkje visste kva det var fra før. Dei veit sjølvsagt at blogging er ein nyttig syssel, blant anna for å bli høyrt i den offentlege debatten. Og sjølvsagt publiserer ingen bilete av seg sjølv som dei ikkje ønskjer at ein framtidig sjef eller svigerfar skal sjå.

Dessverre har det ikkje vore stor aktivitet på denne bloggen dei siste månadene. Eg veit at det er stor sannsynlegheit for at ingen les dette eg no skriv. Med den oppdateringsfrekvensen eg har lagt meg på, har eg nok svikta mange trufaste lesarar. Eg kan dessverre ikkje lova nye og betre tider. Men to innlegg i 2008 er definitivt betre enn eitt!

Forresten så har eg vore bloggar i snart tre og eit halvt år!

Det er haustferie. Bileta under er tekne ein fredfull morgon i slutten av september.


21 april 2008

Rullande måne


I går kveld/natt sat eg oppe og venta på månen i 2 timar. Det var klarver, månen var full, og måneskiva stor. Det blei nokre bilete, her er eitt av dei.