29 august 2005

Bilete frå ei aude øy...

Her følgjer endeleg nokre bilete frå São Miguel, den største av dei ni øyane som utgjer Azorene:

Her er hotellet vårt (bakgrunnen), i Caloura, like ved landsbyen Agua de Pau. Like nedanfor låg denne vakre stranda, med slett ikkje mange folk på. Merk lavaklippene som pregar det meste av kysten på Azorene.


São Miguel har tre vulkanske innsjøar, den eine heiter Lagoa do Fogo.755 meter over havet minna naturen mykje om norske fjellvidder.

Azorene er, som Island, prega av vulkansk aktivitet, no for tida stort sett berre i form av varme kjelder og kokande vatn slik som her. Ein særskild matrett på Azorene er å grave ned ei gryte med mat i jorda ved dei varme kjeldene, og hente ho att etter nokre timar, med fiks ferdig middag som resultat.



Ribeira da Caldeira heiter denne kjelda som me køyrte forbi ein dag.














I Furnas ligg "Ungdommens kjelde" midt i ein flott park. Me bada her (i badekarvarmt vatn), og vart 20 år yngre.

Til slutt eit bilete av Caloura. Fin fiskarlandsby med mykje liv og røre. Gåavstand frå hotellet vårt, Caloura Resort.

23 august 2005

Tilbake igjen


Då er nye to veker med ferie unnagjort, og første dagen med kvardag nærmar seg slutten. Har vore på Stord ei veke, og São Miguel (den største på høgre side) på Azorene ei veke. Begge deler var storarta; eit par bilete vil kanskje bli publisert dei næraste dagane.
Orsakar at Stautland.com ikkje har blitt oppdatert på snart tre veker, men lovar å komma sterkare tilbake framover!

01 august 2005

Mmmm...nam!

I dag var dagen for sylting! Investerte i ein kasse jordbær på Stortorget på veiheim frå jobb, og etter middag var det jordbærrensking, koking og røring for full maskin. Resultat: 15 små og store einingar med herlig syltetøy!

Velkommen på smaksprøve!

Travel vekeslutt

Torsdag 28.7.: Sjølvutsendt stemnereporter på Evangeliesenteret sitt sommarstemne på Østerbo utanfor Halden.

Fredag 29.7.: Stemnereporter på UL saman med Utsyn i Gamlebyen, Fredrikstad..


Laurdag 30.7.: Vaskedag, samt eit veldig koseleg besøk av Randi, Merete, Maria og Gro Sissel.

Søndag 31.7.: På besøk hos Gunvald i Våle, Vestfold.