30 desember 2006

Snart nytt år...

Totusenogseks nærmare seg slutten for alvor. I morgon skal eg feira mi 28. nyttårsaftan. (Ja, faktisk, sjølv om eg ikkje er meir enn 27 - talde på hendene tre gonger).

Korleis har året vore?

Forholdsvis bra, må ein seia.

2006 byrja kaldt og med mykje kvit nedbør. I februar var det fleire snørekordar som vart slegne. Dette vart utnytta godt, og førte med seg mange flotte skiturar i Nordmarka.

Vår og sommar kom omtrent samstundes til Oslo i år. Noko som baud på mange fine opplevingar ute i det fri.

Den største "omveltninga", var nok flyttinga til Vestlandet. Det var ein overgang å koma til ein ny stad, ta avskil med vener og svigerinner i Oslo, og ikkje minst byrja i ny jobb, men no byrjar me å koma inn i det nye livet vårt i Ølensvåg. Kor lenge me blir der er det ingen så veit, men det er ikkje umuleg at me blir der lengre enn dette skuleåret. Me har fått oss ein flott arbeidsplass, og læraryrket ber med seg mange fordeler.

Kva nyåret bringer med seg er det som vanleg ingen som veit, og tradisjonen tru blir det ingen nyttårsforsett denne nyttårsaftan heller.

Ynskjer alle som sjeldant eller ofte surfar innom denne sida eit godt nytt år!!

19 desember 2006

Statoil/Hydro-fusjonen

Statoil og Hydro har bestemt seg for å slå seg saman. Det har alle lese i aviser, høyrt på radio eller sett på fjernsyn dei siste to dagane. Mange viktige spørsmål har blitt stilt, til dømes: Kor skal hovudkontoret ligga? Og kor mykje løn skal sjefen for det nye selskapet ha?

Men ingen har stilt dei verkeleg viktige spørsmåla, dei som får konsekvensar for oss i kvardagen:

Kan me no bruka HydroTexaco-kaffikoppane på Statoilstasjonar?
Og kva med Statoil-koppar på HydroTexaco? Statoil har jo allereie lagt Rolls Royce-koppane for 2007 ut for sal.

Og får alle me som er medlemmer av Coop 23 øre bensinrabatt også på Statoil framover?

Kvifor har ikkje dette vore tema på pressekonferansane?

16 desember 2006

Oppdatert statistikk

To nye mus har gått i fella!
Sjekk oppdatert musestatistikk her.

Vikeså i desember





Slik såg deg ut i heiene på Vikeså, ein søndag med opphald tidleg i desember.

11 desember 2006

Førjulsstemning...

Det regnar i Ølensvåg. Skikkelig mykje. Det siste døgeret har det så og seia ausregna konstant. Kvikksølvet når knapt under 10 varme, og det går mot jul! Det er trygt å vita at det vestlandske julevêret ikkje let seg endra av menneskeskapte klimaendringar.

Å sjå det positive er viktig. Regn og mildvêr er ikkje berre negativt. Ikkje nok med at ein kan gå ute i støvlar og regnbukse, mykje tydar nemlig òg på at me kan få ein vinter med langt færre sportssendingar enn det som er vanleg for årstida.

Jaja.
Klokka har no passert 9 om morgonen, elevane mekkar radio, og ute er det like mørkt og vått som då eg stod opp klokka 7.

God advent!