27 juli 2005

Pensjonat Tullins i medvind

Tilstrøyminga av overnattingsgjester i Tullins gate går så det susar. To av reisefølgja i sommar har vendt tilbake for nok ei overnatting (svigers og svoger), etter å ha registrert dei upåklagelege forholda første gongen. Interessa har dessutan vore god denne veka av andre grunnar; det har ikkje uventa samanheng med ein viss konsert på Valle Hovin i kveld. Yngstemann Stautland er innlosjert i to netter i eit slikt ærend, men me har måtta sagt nei til fleire. Me håpar dei det ikkje vart plass til har lyst å koma tilbake seinare, når Bono, Edge og dei andre har reist frå byen!

26 juli 2005

Treng du kameralinse?


Her er ei zoomlinse av typen Sigma til sals! Fint brukt, 70-300 mm. Passar til Canon speilrefleks. Super linse, tar gode skarpe bilder.

25 juli 2005

Salt bad på Saltnes

Årets første sjøbad blei søndag gjennomført på Saltholmen (Saltnes, Råde i Østfold). Temperatur 18 +, luft om lag 20. Totaloppleving: Behagelig.
Reint, friskt og godt, få eller ingen maneter.

22 juli 2005

Lekkasje i Tullins gate


Dei kraftige regnbygene dei siste dagane har ført til lekkasje frå taket fleire stader i blokka. Fleire husvere har fått vatn inn, heldigvis ikkje oss.
Etter alt å dømme er det taktekkarne som ikkje har gjort god nok jobb når dei har lagt tjørepapp på taket. Kvaliteten på arbeidet kan tyda på at dei var dei billigaste på marknaden. Ryktene vil dessutane ha det til at firmaet gjekk konkurs ikkje lenge etter oppdraget i Tullins gate, dermed blir det så som så med reklamasjon...

20 juli 2005

Bank - skru - og bank

Det har vore mykje banking, skruing og dunking i Tullins gate 4 dei siste to dagane. Årsaka er ei bryllupsgåve i form av ein skjenk med framskap som skal på plass. Skjenken, som vart påbyrja natt til tirsdag, stod det skulle ta 1,5 time å montera, men tok nærare 3-4. Framskapet, som vart påbyrja i går, skal ta tre timar etter bruksanvisningen, men vil nok ta noko lengre tid.
Stautland.com ber alle, inkludert meg sjølv, til å smøra seg med tolmod inntil møbelet er ferdig.

Ommøblert

Me har ommøblert i Tullins gate! Resultatet var bra, og me ber alle som vil koma å sjå gjera det om eit par dagar, når me truleg har fått rydda litt meir.

16 juli 2005

Nygift!


... og vel tilbake i Oslo og Tullins gate.

08 juli 2005

Fire knektar i eit utdrikkingslag utan drikke

Laurdag 2. juli kom dagen eg med fryktblanda fryd har venta på: Mitt eige utdrikkingslag. Eg vart vekt av Frode, Arne og Kjell Magne på føremiddagen, som hadde teke turen til Bjerkreim i høve hendinga.

I tillegg til mykje anna eg måtte gjera og som eg skal koma tilbake til, slapp eg ikkje unna det skrivne ord og publiseringsverktyet internett. Denne artikkelen er resultatet av det. Eg vil nytta høvet til å understreka at fleire har hatt ein finger med i spelet når det gjeld innhaldet av det du les her.

Dagen baud på dørsal av teikneserieheftet om elgen Helge, der eg måtte gjera mitt beste for å etterlikna ein elg, gatemusisk innslag i Stavanger utkledd utstyrt med gitar, delillos-notar og afroparykk, go-cartkøyring og god mat. Ein hyggeleg og spanande dag.

For å sitera ei ikkje ukjend lokalavis, sommaren 2001: Dei er unge, men dei droppar alkohol, og held hendene godt over dyna, i alle høve før ekteskapsløftet er avlagt.
– Men me har det kjekt i saman, sjølv om me ikkje røykjer eller nyt alkohol, seier dei tre gutane. Dei er ikkje festbremsar av den grunn.


Av uvisse årsaker er eg og beden om å ta med forsideoverskrifta, som eg ikkje hadde skrive sjølv, i saken om det nye bassenget på Nysæter ungdomsskule eg skreiv for så lenge som tre år sidan. KLAR FERDIG BAD! Fleire av lesarane hugsar nok denne toppsaken. For uinvidde, kan eg fortelja at dette var ein leksivisjon, som deskleiar dikta opp for at det skulle passa med eit av bileta. Av uvisse årsaker fann fleire i nær omgangskrins denne tittelen svært morosam.

Minna om laurdag 2. juli vil følgja meg lenge, på den positive måten, sjølvsagt. Lenge leve fest og gaman, og gode vener!

01 juli 2005

Ferie

Ei lita påminning om at stautland.com kanskje ikkje vil bli like regelmessig (eller uregelmessig) oppdatert dei nærmaste to vekene. Då tar nemlig redaksjonen FERIE! Den desidert viktigaste hendinga i ferien blir bryllaupet i Bjerkreim 9. juli.
Me ynskjer alle trufaste lesarar ein retteleg god sommar så lenge!