Blogg og sånt
Eg har nettopp snakka med elevane mine om blogging. Ikkje det at dei ikkje visste kva det var fra før. Dei veit sjølvsagt at blogging er ein nyttig syssel, blant anna for å bli høyrt i den offentlege debatten. Og sjølvsagt publiserer ingen bilete av seg sjølv som dei ikkje ønskjer at ein framtidig sjef eller svigerfar skal sjå.
Dessverre har det ikkje vore stor aktivitet på denne bloggen dei siste månadene. Eg veit at det er stor sannsynlegheit for at ingen les dette eg no skriv. Med den oppdateringsfrekvensen eg har lagt meg på, har eg nok svikta mange trufaste lesarar. Eg kan dessverre ikkje lova nye og betre tider. Men to innlegg i 2008 er definitivt betre enn eitt!
Forresten så har eg vore bloggar i snart tre og eit halvt år!
Det er haustferie. Bileta under er tekne ein fredfull morgon i slutten av september.
3 kommentarer:
Heia Helge!
Stå på med blogginga, og ha en fortsatt sjefs høstferie. Nyt friheten - snart kommer jeg tilbake. ;)
Eg har lest.. men ikkje før no, 30. okt! :-)
Eg og har lest! Utrulig fine bilete! Blir kjekt å treffa dykk i jula og feira nyttår saman!
Benedikte :)
Legg inn en kommentar