10 desember 2007

Adventsblogg


Hey hey! Stautlands har oppdatert bloggen!

No har både oktober og november passert utan at noko har skjedd på denne sida. Kva har skjedd? Har me fallt heilt av bloggelasset, eller er læraryrket så travelt at det ikkje er tid for slikt? Har ikkje svaret. Det einaste eg veit er at eg har betalt for stautland.com-domenet i 2008 òg.

Det går mot jul (klisjear er til for å brukast). Det er travelt på skulen, så juleferien er etterlengta. Ekstra lang er han attpå til i år. Det er bra. Som vanleg skal me besøka familiane våre i jula.

Kransen på biletet har Anne Karine laga. Er han ikkje fin?

God adventstid! Og for sikkerheits skuld: God jul og godt nyttår!

1 kommentar:

Anonym sa...

God advent til samtlege Stautlands på Lundeneset. Virkar som de trivs i Ølensvåg, og tru meg: Eg er glad for det. Skulle gjerne ha vore der i desse dagar. Det er noko som er feil med å ha myggstikk på leggen midt i desember.