23 februar 2007
12 februar 2007
Hauglandskvedno i vinterkledning
Når vinteren først er her, er det på plass med litt fleire kalde bilete. Desse er frå gode, gamle Hauglandskvedno på Stord, der frosten hadde forvandla den vesle fossen til ein flott isskulptur.
Av Helge kl 09:01 4 kommentarar
Kategori: Moods
09 februar 2007
Vinter
Det har vore skikkelig kaldt i Ølensvåg dei siste dagane og nettene. Gradestokken har lege på rundt -5 til -8 grader dei siste dagane. Det har ført med seg at vågen har frose til, slik at berre dei største båtane kjem seg fram.
Av Helge kl 13:42 1 kommentarar
Kategori: Moods
Folket har talt
Eit fleirtal på 44 prosent ønskjer ikkje dei namnealternativa på gullfiskane som er lista opp her. Kan dei (fire) det gjeld venlegast gi seg til kjenne og forklara seg nærare?
Av Helge kl 11:56 0 kommentarar
02 februar 2007
11.500 skritt...
Tilsyn i går/natt, og då får ein gått. Tilsaman 11.500 skritt frå 15.30 til 23.30. Måtte blant anna ta beina fatt for å:
- - Sjekke vasken er ok på alle internat
- - Hente førstehjelpsutstyr
- - Levere ut infomateriell til 1. klassingar som har heildagsprøve i norsk i dag
- - Låse opp og låse igjen dører på førespurnad
- - Gå låserunde på internata etter 23 og kasta ut folk som var på feil internat.
Av Helge kl 09:13 3 kommentarar
01 februar 2007
Brukarrettleiing, takk...?
Eg har i mange år lurt på kva som er vitsen når produsentar av til dømes grillkol og poteter syr igjen sekkane i toppen. Sannsynlegvis er det ein smart idé som ligg til grunn. Det er berre det at aldri får det til. Eg får alltid vondt i handflata når den kvite tråden byrjar å gnage seg inn i handa når eg tek litt i. Og sekken er like uopna, heilt til eg anten klypper eller riv opp posen på ein måte som produsentane i alle fall ikkje hadde tenkt eg skulle gjera.
Kjære grillkolprodusentar og potetbønder! Kan de for framtida leggja ved ein instruksjons-DVD slik at eg kan få hjelp med opninga av sekken?
Eller kan nokon med litt røynsle hjelpa meg?
Av Helge kl 22:53 1 kommentarar
Kategori: Samfunnskritikk