Her bur me
Orsakar, godtfolk, ting tar tid når ein er lærar. Yrket er travelt! Men her bur me altså! Biletet er teke frå Kåtanuten, 534 m.o.h. 17. september var me på tur til den toppen. På biletet ser de òg nokre av dei gode, bråkete naboane våre, Ølen Betong og Westcon. (Det er mest Ølen Betong på biletet). På jorda oppforbi går det rautande slaktekyr, men eg trur dei har flytta innandørs for sesongen, for det er lenge sidan sist me høyrte ei ku med rauteanfall midt på natta.
Bilete nummer to viser korleis det såg ut i Oslo etter at leiligheten i Tullins gate var tømt for ting. Tomt og trist!
Bilete nummer tre: Flyttebyrået, Arne og Bjørn. Svigermor var òg til særs god hjelp!
Bilete nummer fire: Innflytting i huset på Lunde Øvre.
No skriv me 6. oktober, og det er haustferie. Det skal bli fantastisk!
God ferie
3 kommentarer:
Ja, fine bilder! Men savne fortsatt ett einaste lite bilde frå dei nytapetserte rommå!!!
Eg he by the way fått meg blog:)Hi, hi! hels kånå!
Ska sei! Visste ikkje at dokke va flytta te nese`! Så kjekt da!Sko jo tatt dokke ein tur te karmøy, då:) E det ikkje der Gunnstein og Inger budde før dokke? huset såg litt småkjent ut ja.
- ein tidligare lundenesing:)
Kjekt å se litt nye bilder:) Hadde dere en god høstferie?
Legg inn en kommentar